Hopp til innhold

Blir hengt ut som linselus – no svarer klubben

Newcastle sin assistenttrenar er på alles lepper, men kanskje ikkje av den grunnen han hadde håpa på.

Newcastle-lagbilde med assistenttreneren i midten

I SENTRUM: Newcastle sin assistenttrenar, med raud ring rundt, har vore ein sentral skikkelse på fleire bilete denne sesongen. Hovudtrenar Eddie Howe held seg i bakgrunnen.

Foto: @NUFC / Twitter

Har du sett Newcastle i aksjon denne sesongen, har du kanskje også sett mannen til høgre på biletet under:

Premier League - Newcastle United v Arsenal

TETT PÅ: Trenarduoen i Newcastle:

Foto: SCOTT HEPPELL / Reuters

Ringer ingen bjøller?

Dette er Newcastle sin assistenttrenar Jason Tindall, kanskje den største utanomsportslege snakkisen i Premier League akkurat no.

Han har saman med hovudtrenar Eddie Howe bidrege til at det nyrike laget førebels ligg på ein imponerande tredjeplass i Premier League, men det er ikkje difor Tindall snakkast om.

– Det er galskap

Grunnen er at Twitter-brukaren «Jason Tindall desperate to be centre of attention» har eksplodert. Frå å ha 10.000 følgarar førre veke, er den nå straks oppe i 50.000.

Kontoen tek for seg eksempel der 45-åringen tilsynelatande gjer alt han kan for å vere midtpunktet, noko som ikkje er heilt vanleg for assistenttrenarar.

Plutseleg er han i midten av lagbiletet, mens hovudtrenar Howe held seg i bakgrunnen.

Og så hastar han av garde for å handhelse på trenaren til motstandarlaget før Howe rekker å gjere det. Sistnemnde skjedde seinast etter kampen mot Arsenal førre helg, som vist her:

Eksempla spreier seg i rekordfart på internett, og fredag blei det tema under lagets pressekonferanse.

– Dette er artig, for eg brukt den siste halvtimen på å le saman med han på grunn av ulike ting han får tilsendt. Det er galskap korleis internett og sosiale medium kan skape sånt, sa Howe til Sky Sports, og smilte bredt.

Duoen vart tilsett i Newcastle hausten 2021, og jobba også saman i Bournemouth til sommaren 2020. Sjølv om Howe er hovudtrenar, er det altså hans høgre hand og assistent som den siste tida har blitt ei snakkis på internett.

– Han har eit auge for kamera, erkjente Howe.

Jason Tindall

GLAD I KAMERA: Tindall finn stadig eit kamera å sjå inn i.

Foto: SCOTT HEPPELL / Reuters

Blei avvist

Den nemnde Twitter-brukaren har mangedobla seg i løpet av den siste veka, og Tindalls jakt på merksemd har blitt til overskrifter i ei rekke av dei store britiske tabloidane.

Fredag meldte også den spanske storklubben Athletic seg på med Tindall-humor. Dei delte dette bildet på Twitter, der deira hovudtrenar Ernesto Valverde står på sidelinja og coachar ved sidan av den aktive Newcastle-assistenten.

Tindall-tweet fra Athletic

ASSISTENT? Det er ikkje alltid like lett å sjå at Tindall «berre» er assistent.

Foto: Skjermdump / Twitter

Også under det amerikanske showet Morning Foot blei Tindall-sirkuset tema denne veka.

Programleiaren påpeika overfor Howe at Tindall har ein tendens til å finne kamera og viste fleire bilete der assistenten er i bresjen og tek motstandartrenaren først i handa, før ho stilte følgande spørsmål:

Har du nokon gong måtte gå til han og seie «eg har ansvaret her og er sjefen?»

Vi er begge veldig aktive på sidelinja. Eg har oppmoda han til å vere sånn. Vi har vore partnarar sidan vi starta som managerar. Vi prøver å gjere alt vi kan for å hjelpe spelarane. Vi er plasserte saman der i fronten, og mot slutten av kampen, er det naturleg at han bevegar seg bortover – sidan han vanlegvis er plassert til venstre for meg, svarte Howe.

Men nokon har sett seg lei på Tindalls manøver. Dette skjedde då han prøvde å helse på Bournemouth-sjef Gary O'Neil etter 1-1-kampen i februar:

O'Neil gikk rett forbi Tindalls utstrekte hand for å sleppe til Howe først. Også dette klippet går nå sin sigersgang på internett.

Trur det er kalkulert

Det er berre morosamt. Iallfall dersom du er på vår side av gjerdet. Han er ein ekstrem kul type. Han snik seg bort og lyttar på benken til motstandarar, og argumenterer med linje- og fjerdedommar for å få vekk merksemda frå noko anna, seier Magnus Møller frå Newcastle-podkasten Skjæreskrik til NRK.

– Har han vorte ein slags kulthelt?

Magnus Møller

SUPPORTER: Magnus Møller følgjer Newcastle tett.

Foto: Privat

Han har nok potensialet til å bli det. Det skal ikkje så mykje til for å bli ein kulthelt her, men det litt tidleg å seie endå, svarer supporteren.

Møller trur mykje av det Tindall gjer er kalkulert og at det potensielt kan vere eit maktspel over trenaren til motstandarlaget.

Eg trur ikkje det er fordi han vil stikke seg fram, men han er meir ekstrovert, medan Howe er meir introvert. Det er nok ein grunn til han gjer det – det er ikkje tilfeldig, meiner han.

Les også Forbannet etter Newcastles draktvalg: – Kan dra til helvete

DjCVLvgAOMk

NRK har sendt ein førespurnad til Newcastle og tilbode Tindall å kommentere merksemda han har fått, men i skrivande stund, er ikkje førespurnaden svart på.

Siste nytt

  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Glimt møter Lillestrøm i cupens 2. runde

    Onsdag kveld ble oppgjørene i 3. runde i cupen trukket. Tittelforsvarer Molde gjester Hødd.

    Molde er regjerende norgesmestere etter at de slo Bodø/Glimt 1-0 i fjorårets finale. Årets utgave avgjøres 7. desember på Ullevaal stadion.

    Allerede 1. mai skal neste runde spilles. Disse lagene møtes (eliteseriekamper uthevet):

    Sogndal – KFUM Oslo, Lysekloster – Kjelsås, Bodø/Glimt – Lillestrøm, Eik Tønsberg/Fredrikstad – Rosenborg, Råde – Hønefoss/Sarpsborg 08, Strømsgodset – Kristiansund, Hødd – Molde, Tromsdalen – Viking, Egersund – HamKam, Sandnes Ulf – Odd, Alta – Stabæk, Arendal – Bryne, Eidsvold Turn – Åsane, Ranheim – Raufoss, Levanger – Brann, Oppsal/Vålerenga – Tromsø.

    Alle oppgjørene i 2. runde er imidlertid ikke spilt enda. Torsdag spilles Fredrikstad – Eik Tønsberg, Sarpsborg – Hønefoss og Oppsal – Vålerenga.

    Det har vært flere cupbomber allerede i årets turnering. I første runde røk eliteserielagene Haugesund og Sandefjord ut for henholdsvis Torvastad og Fløy. Resten av eliteserielagene berget seg imidlertid videre fra 2. runde. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Lillestrøm - Bodø/Glimt (0-5)
    Foto: Javad Parsa / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal