Neville: – Norge kunne spelt VM-finalen med Hegerberg

Ada Hegerberg når ikkje opp i kampen om å bli verdas beste fotballspelar så lenge ho ikkje spelar på det norske landslaget. Det trur England sin landslagstrenar.

Ada Hegerberg

NÅDDE IKKJE OPP: Ada Hegerberg nådde ikkje opp i sluttspurten om å bli dei tre som er nominert til verdas beste fotballspelar av FIFA.

Foto: Balazs Czagany / AP

– Eg trur at det at ho ikkje spelte i VM hadde ein effekt, seier Phil Neville til NRK.

Både Hegerberg og Caroline Graham Hansen var mellom dei 12 nominerte til prisen, men vart funnet for lette. Måndag vart det klart at det var engelske Lucy Bronze og den amerikanske duoen Megan Rapinoe og Alex Morgan, som gjekk vidare til sluttspurten om å bli kåra til verdas beste kvinnelege fotballspelar av FIFA.

Hegerberg nådde heller ikkje opp i UEFA si kåring sist veke, trass i at ho var den store spelaren med hattrick då Lyon vant meisterligaen i mai.

– Om ho hadde reist til VM og scora mål, så er eg trygg på at ho hadde vore blant dei topp tre, seier den tidlegare Manchester United-spelaren.

Women's World Cup - Third Place Play Off - England v Sweden

MÅ SPELE: England sin landslagssjef Phil Neville trur ikkje Hegerberg når opp i kampen om å bli verdas beste spelar, så lenge ho ikkje er på det norske landslaget.

Foto: Eric Gaillard / Reuters

Og han får støtte frå England sin forsvarsspelar Lucy Bronze, som er ein av dei tre nominerte til verdas beste spelar og som siste veke vann UEFA-kåringa.

– Dei store kampane dette året var sjølvsagt VM og folk er berre fokusert på det, og då veit dei ikkje kva kampar vi spelte i januar, seier Bronze som til dagleg spelar med Hegerberg i Lyon.

Ville gjort alt for å få ho med

Ada Hegerberg har lenge nekta å spele på det norske landslaget, og det skapte mykje bråk då ho i eit intervju som var publisert få dagar før VM, sa at ho vart knekt psykisk av å spele for landslaget.

– Kvifor ho ikkje spelar på det norske landslaget veit eg ikkje, men om du ser på det norske laget med henne i angrep, så trur eg dei kunne nådd finalen, seier Neville.

Noreg vart som kjent slått ut i kvartfinalen i VM, etter at dei tapte mot nettopp England. Neville skulle difor vite kva han snakkar om når han seier at Hegerberg utgjer den kvaliteten Noreg mangla til å ha tatt seg vidare.

Gullballen

GULLBALLEN: Ada Hegerberg vann i fjor vinter Gullballen.

Foto: Christophe Ena / AP

– Dette er noko ho må sjå på og som Noreg må sjå på. Eg veit ikkje kva som skjer, men om eg var norsk landslagssjef, så ville eg gjort alt i mi makt for å få ho inn. Om ikkje annan prøvd å forstå kvifor ho ikkje vil spele.

Laget er viktigast

Og sjølv om ikkje Neville har inngåande kunnskap om konflikten mellom Hegerberg og Noregs Fotballforbund, er han likevel klar på ein ting.

– Laget er viktigare enn ein individuell spelar. Om ein spelar ikkje vil spele, så er det trass alt betre at den reiser bort på ferie. Å ha 23 spelarar som vil i same retning er mykje meir kraftfullt, enn å han ein spelar som vil gjere sine eigne ting, seier Neville.

775320143

SKRYT: Lucy Bronze meiner Hegerberg driv ein viktig kamp for å betre likestillinga i fotballen.

Foto: Franck Fife / AFP

Samstundes legg han til at Hegerberg er ein fantastisk spelar.

Heller ikkje Bronze har snakka mykje med si lagvenninne om landslagsnekten, men meiner at ho er ei viktig stemme for kvinnefotballen.

– Ada har ganske sterke tankar om korleis kvinnefotballen skal vere, og ho pressar alltid på for at ting skal bli betre. Talen under Gullballen i fjor var fantastisk.

Hegerberg sin norske manager Halvor Marstrander skriv i ei tekstmelding til NRK at det FIFA og UEFA nesten må svare på kvifor ikkje Hegerberg nådde heilt til tops.

– Ada sitt seinaste fokus er årets sesong,. Ho er stolt over dei nominasjonane ho har fått, så får andre spekulere og meine.

Siste nytt

  • Barcelona unngjekk sjokktap

    Barcelona fekk ein tidleg kalddusj då Domingos Duarte sende gjestane Granada i føringa etter to minutt i kveldens kamp i den spanske toppserien.

    Heilt på tampen av kampen sørga Ronald Araújo for å berge Barcelona frå eit pinleg heimetap.

    Uavgjortresultatet gjer at Barcelona står med åtte poeng etter fire kampar. Katalanarane fekk nyleg bank av Bayern München i meisterligaen, men i La Liga er dei framleis utan tap.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Joan Monfort / AP
  • Vurderar klubbyte for Bohinen

    Emil Bohinen slit med å få speletid etter millionovergangen til CSKA Moskva. No meiner pappa, Lars Bohinen, at sonen må vurdere å skifte klubb.

    – Han er jo ikkje nøgd med å ikkje spele og meiner han er god nok, seier han til NRK.

    22-åringen har ikkje starta ein kamp for sitt russiske lag sidan 25. juli. I kveldens kamp mot Spartak Moskva vart han bytta inn etter 65 minutt, men rakk ikkje å markere seg bortsett frå eit gult kort.

    – Viss situasjonen ikkje endrar seg før neste overgangsvindauge, så må vi jo sjå på andre løysningar. Han må jo spele, seier pappa-Lars.

    Emil Bohinen
    Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Satsar vidare på unge talent

    Vålerenga forlenga med unggutane Jacob Dicko Eng (17) og Seedy Jatta (18). Det opplyser klubben i ei pressemelding.

    Dei to har i år fått sjansen både i Eliteserien og i sommarens europakvalifisering.

    Dicko Eng vart henta frå Lyn i januar, men spelte seg raskt inn på A-laget. Jatta har vore involvert i 17 A-lagskampar denne sesongen, og fekk sitt første mål borte mot Stabæk.

    Dicko Eng har signert ein kontrakt som varer til juli 2024, medan Jatta har forlenga til sommaren 2025.

    Eliteserien fotball 2021: Stabæk - Vålerenga (0-2)
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal