Hopp til innhold

Nektar å gå OL under nøytralt flagg

Verdsmeister Nikita Krjukov vil ikkje delta i Pyeongchang under vilkåra som russiske utøvarar må godta.

Nikita Krjukov

NEKTAR: Nikita Krjukov tok gull i Lahti-VM i fjor. Men utan russiske flagg nektar han å stille opp i OL

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg ville gått OL dersom eg fekk gjere det under russisk flagg, eller dersom eg blei invitert. Men eg vil ikkje søkje IOC om å få gå i Korea, seier Krjukov til nettstaden sports.ru.

– Eg er ikkje klar for å gå under nøytralt flagg.

I desember nekta IOC Russland å delta i OL på vanleg måte, som straff for det som den såkalla Schmid-rapporten meinte beviste statleg styrt dopingjuks i Sotsji-OL.

Men IOC vedtok samstundes å invitere russiske utøvarar som ikkje har vore involverte i dopingmistankar. Desse skal delta under nøytralt flagg, og den russiske nasjonalsongen skal ikkje spelast.

Krjukov tok saman med Sergej Ustjugov gull i lagsprinten i VM i Lahti i fjor. Men denne sesongen har han berre gått eitt – sprinten på Lillehammer, der han blei nummer 42.

Sjå innspurten i lagkonkurransen i Lahti-VM her:

Sergej Ustjugov vinner sprinten for Russland etter at Norge falt fra VM-gull rett før slutt.

– Motivert til å slå OL-vinnarane

Han fortel at han har orientert resten av det russiske langrennslandslaget om sitt standpunkt.

– Eg forklarte at dette var mitt personlege standpunkt og mi personlege meining. Eg vil ikkje presse den på nokon annan, seier Krjukov, som seier han har fått mykje støtte på sosiale media.

– Skal du følgje OL i Pyeongchang?

– For å vere heilt ærleg kjem eg ikkje til å sjå på. For meg er ikkje dei olympiske leikane slik dei skal vere. I staden vil eg prøve å førebu meg til neste meisterskap, og eg er svært motivert for å slå dei som blir olympiske meistrar i Korea, seier Krjukov.

Tidlegare har skøyteløpar Olga Graf sagt at ho ikkje vil gå i OL under nøytralt flagg.

Etter CAS-dommen i går, der utestenginga av 28 russiske OL-utøvarar blei oppheva, krev Russland at 15 av dei må bli inviterte til OL. Men Krjukovs namn står ikkje på den lista, ifølgje sputniknews.com.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal