Hopp til innhold

Nedbroten Fossesholm bryt touren: – Alle bølgjer slår mot meg

Helene Marie Fossesholm hamna på ein nedslåande 33.-plass etter 10. kilometeren i Tour de Ski måndag. No droppar ho siste renn, men innrømmer at ho har ein plan.

Skidor, Världscupen, Davos

TUNGT: Helene Fossesholm slit med å finne forma for tida.

Foto: DANIEL SCHOENHERR / GEPA PICTURES

Det er ikkje noko kjekt å gå på ski no, og det er ikkje noko godt. Eg synest alltid det er moro å gå på ski, men no syntest eg ikkje det.

Det var ein svært skuffa Helene Marie Fossesholm som møtte NRK etter måndagens renn. 20-åringen hamna til slutt to minutt og 24 sekund bak vinnaren Natalja Neprjajeva, og no ser ho særdeles mørkt på tilværet.

Så mørkt at ho droppar å stille i siste renn tysdag.

Droppar «monsterbakken»

I intervjuet etter rennet fortalde Fossesholm at ho vurderte å bryte, men at ho trong hjelp til å ta den avgjerda.

Seinare måndag bekreftar Fossesholm sin personlege trenar at eleven ikkje fullfører Tour de Ski.

– Det sit langt inne for ho å bryte, men ein slik etappe vil sitte i. Då blir det eit enkelt val i ein OL-sesong, seier Geir Endre Rogn til NRK.

Ski Tour 2020

KONTROLL: Trenar Geir Endre Rogn.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han fortel at stafettanker-kvinna frå Oberstdorf-VM no skal heim for å trene.

– Ho må få ein treningsperiode med ro. Det har det vore manko på i veldig lang tid. Det har vore små skjer i sjøen som har gjort at ho ikkje har fått ro, seier Rogn.

Han meiner det har vore lyspunkt i touren, men erkjenner at den samla sett har stadfesta at Fossesholm ikkje er der ho skal vere ein månad før OL. Men han er ikkje bekymra for verken den fysiske forma – eller den mentale forma.

– Det mentale er jo normalt ein av dei store styrkane hennar. Når ho får ein god treningsperiode og kjenner at ting svarer, så vil ho få tryggleiken igjen, seier Rogn, som fortel at Fossesholm vurderer å gå fellesstarten med skibyte i Planica før avreise til OL.

Slit med motivasjonen

Fossesholm erkjenner at ho har det tungt for augeblikket. Ho gruar seg til å gå renn.

– Eg pleier alltid å grugledde meg til renn, men no er det liksom ikkje så mykje glede, då. Det er ikkje så kult å ha langrenn som jobb akkurat no, merkar eg.

Cross-Country Skiing, Tour de Ski, day 4, Women's 10 km mass start

IKKJE BLID: Det er få smil å skimte på den vanlegvis så glade kvinna frå Vestfossen.

Foto: MAXIM THORE / BILDBYRÅN

Korleis pregar dette deg?

Eg blir i alle fall ikkje glad. Det går utover humøret, eg sprudlar ikkje når eg går på ski. Det gjer eg ikkje, seier ho ærleg.

Fleire gonger gjentar ho at «det ikkje er noko kjekt» for tida, og stussar over at ho ikkje får klassisk-delen til å sitte slik ho vil den skal.

– Eg har berre gått dårleg i klassisk denne sesongen. Eg har generelt gått mykje dårleg. Det er vel berre ein gong eg har gått bra, og det var på Lillehammer. Det byrjar å bli ei stund sidan, seier ho vidare.

Veit kva ho må gjere

Likevel prøver Fossesholm å sjå lyst på situasjonen.

– Eg skal ikkje grave meg så langt ned, for eg veit at det ikkje er så mykje som skal til før eg er der oppe igjen. Det humpar og går litt. No er eg i Marianergropen, og så får vi sørgje for at eg kjem meg opp på Mount Everest om ein månad, seier ho biletleg.

Marianergropen er til info verdas djupaste havgrop, og det er dessutan 19.843 meter frå botnen av Marianergropen til toppen av Mount Everest.

Ho har planen klar for korleis ho skal klatre dei meterane.

– Eg må berre finne gleda og roa. Få trena litt, finne flyten og sjå om det er ei bølgje eg kan hoppe på og flyte litt med. For no verkar det som at alle bølgjer slår mot meg i vasskanten, seier ho.

Det er tungt. Humøret sprudlar ikkje, som det vanleg gjer hjå den unge skiløparen.

– Ein skal få lov til å vere skuffa, så skal eg riste det av meg og kome sterkare tilbake. No kan det berre gå ein veg, avsluttar ho.

Tysdag går siste løp i Tour de Ski. Johannes Høsflot Klæbo har ein komfortabel leiing i samandraget, og det kan også Heidi Weng kjempe om på kvinnesida.

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • Norge avslutter EM-kvaliken i Bergen – første gang på fem år

    Norges fotballkvinner møter Nederland i den siste kvalifiseringskampen til fotball-EM. Det oppgjøret skal spilles på Brann stadion i Bergen.

    Det opplyser Norges Fotballforbund på sine nettsider. Kampen spilles 16. juli.

    – Jeg var selv til stede i Bergen i forbindelse med Champions League-kamp og fikk oppleve hvor stort engasjement og fotballinteresse det er i byen. Vi gleder oss til å komme dit og oppleve den fantastiske støtten selv. Dette kan bli en helt avgjørende kamp i en åpen gruppe, og derfor er det viktig at publikum hjelper oss ekstra på veien, sier landslagssjef Gemma Grainger.

    Sist de norske fotballkvinnene spilt landskamp i Bergen, var helt tilbake i 2019. Da slo de England 2-1 foran 10.830 tilskuere. (NTB)

    Norges landslag kvinner
    Foto: NTB
  • PST blir med OL-troppen til Paris: – Vi er godt ivaretatt

    En representant fra Politiets sikkerhetstjeneste (PST) skal oppholde seg i Paris under sommerlekene samtidig som de norske gullhåpene.

    Det opplyser toppidrettssjef Tore Øvrebø til NTB.

    – Det er et veldig flott samarbeid. Det øker opplevd trygghet i troppen, vi vet at vi er godt ivaretatt, sier Øvrebø.

    PST-representanten skal fungere som en forbindelse mellom sikkerhetsapparatet hos arrangøren, politimyndigheter og OL-troppen.

    Det er ikke unikt at PST er med den norske delegasjonen til lekene.

    Nå er lekene tilbake i Europa for første gang på ti år (Sotsji 2014), og det blir det første åpne OL siden 2018.

    – Det betyr at det er flere mulige kontaktpunkter mellom konkurransene og publikum. Det betyr at det må være en litt annen type sikkerhet enn vi har sett før. Det vil minne mer om London. Det gikk jo også bra, sier Øvrebø.

    I franske medier har sikkerhet og risiko for terror vært synlig i nyhetsbildet.

    Øvrebø
    Foto: NTB
  • FA-cupen kutter omkamper – vil skåne spillere etter nytt CL-format

    Omkamper i FA-cupen blir skrinlagt fra neste sesong, melder Det engelske fotballforbundet (FA) torsdag.

    Tiltaket om å avskaffe alle omspillskamper er en del av en ny avtale mellom FA og Premier League. I avtalen inngår det også at Premier League-klubbene skal betale ytterligere 450 millioner norske kroner som skal gå til grasrotfotballen hver sesong.

    FA hadde allerede skrotet omkamper fra femte runde og utover. Grepet med å droppe alle omkamper kommer som følge av de utvidede Uefa-turneringene.

    Neste sesong er det nytt format i mesterligaen, europaligaen og conferenceligaen som fører til enda flere kamper.

    FA informerte også om at alle rundene i cupen nå vil bli spilt i helger. Finalen skal spilles den nest siste helgen i Premier League-sesongen, på en lørdag uten noen toppkamper som skal spilles på samme dag. (NTB)

    Haaland
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal