NRK Meny
Normal

Ned frå førsteplassen etter 117 år

HAMAR (NRK): Sidan før førre hundreårsskifte har Norge vore beste skøytenasjon, målt i medaljar i allround-VM. Men no blir det etter alt å dømme slutt, og det på norsk is.

Sven Kramer

DENNE MANNEN HAR SKULDA: Sven Kramer har tatt det han ville av titlar dei siste ti åra. Denne helga kjem han truleg til å gi Nederland tilbake førsteplassen Norge har hatt i 117 år

Foto: Ahn Young-joon / AP

Sven Kramer er storfavoritt til VM-gullet i Vikingskipet på Hamar denne helga. Og skulle han mot alle odds svikte, står fleire nederlendarar klare.

Det betyr at Nederland søndag kveld vil stå med 37 gull for menn i allround-VM sidan den uoffisielle starten i 1889. Norge har 36, og leier i skrivande stund på grunn av flest sølv (32 mot 17).

Slo tilbake med kunstis

Jaap Eden

JAAP EDEN: Nederlands og kanskje verdas beste skøyteløpar første del av 1890-talet, og verdsmeister tre gonger

– Det store omskiftet kom midt på 60-talet, då Nederland begynte å få kunsfrosne baner, seier Arild Gjerde, skøytehistorikar og tidlegare generalsekretær i Norges Skøyteforbund.

– Nederland har alltid hatt ein sterk skøytekultur, med dei mange løpa på gjenfrosne kanalar. Men klimaet er etterkvart blitt mildt og gjer det vanskeleg med naturis, seier Gjerde.

Derfor brukte nederlandske løparar Norge som base før dei kunstfrosne banene kom.

– Den første kom i 1962, og dei blei raskt fleire. Og i 1986 kom den første innandørshallen i Heerenveen. I dag er det 12-13 hallar av ulik kvalitet, fortel Gjerde.

Det gir nederlandsk skøytesport ei enorm breidde.

– Medan vi i Norge har rundt 1000 konkurranseløparar, har dei 15.000 i Nederland.

Utlikning på Frognerkilen

Skøyteløperen Peder Østlund (1872-1939)

PEDER ØSTLUND: Overtok hegemoniet etter Eden, og vann VM to gonger

Foto: Fotograf ukjent / NTB scanpix

Sist Nederland leia gullstatistikken i VM, var i 1899. Jaap Eden hadde vunne tre gonger, men Norge hadde redusert med Peder Østlunds to titlar i 1898 og 1899.

Før VM på Frognerkilen i Kristiania 24. og 25. februar 1900 stod det dermed 3-2 til Nederland. Men før eit einaste startskot var løyst, var det klart at det kom til å bli utlikning.

Alle 12 deltakarane var nemleg frå Norge. Edvard Engelsaas frå Trondheim fekk æra av å utlikne til 3-3.

Etter eitt år med finsk gullvinnar og to år utan meister (ingen vann tre distansar) slo Sigurd Mathisen til i 1904, og det var 4-3 til Norge. Sesongen etter slo Nederland tilbake ved Coen de Koning, men så var det slutt.

Måtte vente i 56 år

Johann Olav Koss

DEN SISTE: Johann Olav Koss er den siste nordmennen som har teke VM-gull. Han vann tre gonger, sist i 1994. Det er 23 år sidan.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Det skulle gå 56 år til neste verdsmeister frå Nederland – Henk van der Grift i 1961.

I mellomtida hadde norske løparar forsynt seg grovt av VM-titlane: Oscar Mathisen tok 5, Ivar Ballangrud 4, Michael Staksrud og Hjalmar Andersen 3 titlar.

Før Grifts gull i Göteborg i 1961 leia Norge 25-4.

Så tok det til å jamne seg ut: Kees Verkerk og Ard Schenk fekk Nederland tilbake i førarsetet frå 1966.

Men etter Johan Olav Koss' VM-gull i 1994, har Nederland tatt 18 av 22 mogelege. Norge har ingen.

  • PS: Men ein milepel kan Norge nå likevel: Blir det medalje på Hamar, vil det bli Norges medalje nummer 100 i allround-VM for menn.

Siste nytt

  • Russland til kvartfinale i VM

    Russland slo Sør-Korea etter stor dramatikk i 1/8-finalen i håndball-VM mandag. Russerne vant 36-35 etter ekstraomganger. Dersom Norge slår Spania, venter dermed en kvartfinale mot Russland onsdag.

    Russia's Anna Wjachirewa
    Foto: Klaus-dietmar Gabbert / AFP
  • VM-sensasjon: Tsjekkia slo Romania

    Romania er ute av håndball-VM etter tap 28-29 for Tsjekkia med mandag. Seiersmålet i 1/8-finalen kom i siste sekund.

    Dermed tapte nok en puljevinner i første cuprunde. Det gjorde også Serbia mot Montenegro søndag.

    Cristina-Georgiana Neagu
    Foto: Hendrik Schmidt / AFP
  • Norge starter med Lunde i mål

    Thorir Hergeirsson velger å starte med Katrine Lunde i mål i åttedelsfinalen mot Spania mandag, melder TV 2. Dermed er Lunde tilbake i mål fra start etter at det var Kari Aalvik Grimsbø som fikk sjansen mot Sverige. Vinneren av kampen mellom Norge og Spania møter Russland i kvartfinalen.

    Katrine Lunde
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge