NRK Meny
Normal

Ndures forsvarar: – Han har gått ned mange kilo

Jaysuma Jays Ndure satsar mot OL i Rio til sommaren, men påkjenninga frå tiltalen og den pågåande rettsaka går utover førebuinga.

Jaysuma Saidy Ndure

I RETTSSAK: Jaysuma Jays Ndure er tiltalt for fleire tilfeller av vald mot sin tidlegare sambuar. Rettsaka byrja måndag og skal gå over fire dagar.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Dette er ei stor påkjenning for han. Han har gått ned mange kilo. Han har venta lenge og er ganske fortvila over å sitja her, men han satsar fortsatt på sporten, seier Ndures forsvarar, Mette Yvonne Larsen.

Rettsaka mot Ndure starta i Nedre Romerike Tingrett mandag. Han er tiltalt for fleire tilfeller av vald mot sin eks-sambuar.

Har støtte frå forbundet

Mette Yvonne Larsen i Ndure-rettssaken

FORSVARAR: Mette Yvonne Larsen er Ndures forsvarar under rettsaka.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Trass i rettsaka og tiltalen mot han, har Ndure ambisjonar om å stå på startstreken når OL i Rio startar i august.

– Han satsar mot Rio, uavhengig av kva utfallet av rettsaka blir. Då er det godt for ha å vite at han har støtte frå sitt eige forbund, BUL, og Norges friidrettsforbund, seier Larsen.

Då Ndure fekk opplest tiltalen mot seg mandag, nekta han straffskuld.

– Berre tida og vegen

Olympisk meister og NRK-ekspert, Vebjørn Rodal, meiner rettsaka er dårleg nytt for Ndure sine førebuingar til OL.

– Han har ikkje vore på sitt toppnivå dei siste sesongane, og han seier sjølv at denne situasjonen tar vekk fokus og energi. Med tanke på det sportslege treng han fullt fokus for å ha mogelegheit til å kome tilbake på toppnivå, og det treng han om han skal nå ein OL-finale, seier Rodal.

– Uavhengig av utfallet av rettsaka, vil det bli vanskeleg for han å legge dette bak seg og fokusera på det sportslege?

– Han er veldig glad i friidretten og eg håper han kan vera i stand til å legga det bak seg. Sportsleg er det kort veg til OL i Rio, og han har ikkje meir enn tida og vegen, seier Rodal.

Rettsaka mot Ndure skal gå over fire dagar.

Siste nytt

  • Panathinaikos utestengt

    Den greske klubben Panathinaikos er utestengd frå den neste europeiske turneringa dei kvalifiserer seg for dei tre neste sesongane, har UEFA bestemt.

    Årsaka er at dei ikkje har makta å få orden på økonomien, og har brote dei såkalla økonomisk fair play-reglane.

  • Sandnes Ulfs første poengtap

    Med 0-0 mot HamKam på Hamar tapte Sandnes Ulf sine første poeng i årets 1. divisjon, etter tre sigrar i sesongopninga.

    Sandnes-laget er dermed på tredjeplass, på målskilnaden bak Aalesund og Notodden. HanKam er framleis utan siger, men har tre uavgjorte.

  • Anklaget for å ha solgt laguttak

    Belgias tidligere landslagssjef Marc Wilmots anklager Chelsea-keeper Thibaut Courtois' far for å ha solgt lagoppstillinger til mediene under fotball-EM 2016.

    Overfor TV-kanalen BeIN Sports påstår Wilmots at Courtois lekket uttakene så snart de var gitt til spillerne.

    Marc Wilmots og Thibaut Courtois
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal