– Det var bestemt før sesongen starta, seier Homme til NRK. Den 35 år gamle bonden er heime på Tveit og byggjer ny driftsbygning der han skal mangedoble kjøtproduksjonen.
– Med tanke på dei gode resultata i år, angrar du på sesongplanlegginga?
– Nei, eg tenkjer ikkje så mykje på det no. Det dreier seg om prioritering, og då må ein ofre noko, seier leiaren i noregscupen.
Onsdag skal dei beste skyttarane i aksjon i si innleiande skyting. Torsdag skal kongen eller dronninga kårast.
- Les guiden: Slik er landsskyttarstemnet.
- Følg LS: Stillinga i kampen om kongetittelen
Så seint som i førre veke var han likevel i Troms og deltok i dei tre norgescupstemna der. Etter 341 i første stemnet, slo han til med 346 og 348 i dei to siste, og overtok leiinga i cupen samanlagt.
Før han reiste heim til fjøsbygging.
– Men den cupleiinga skal eg prøve å forsvare, seier Homme. Dei tre siste stemna i årets cup går på Vestlandet i slutten av august, og der skal Homme vere med.
Han har aldri blitt konge, men han vart prins i 2005.
– Sjølvsagt skal eg følgje med på skytinga på Landsskyttarstemnet. Og eg vil gjerne ønskje alle mine konkurrentar lykke til i Øverbygd, seier Homme.
– Hadde han stilt, hadde eg hatt han med på favorittlista, seier NRKs kommentator Ola Lunde når vi ber han setje opp si topp 5 favorittliste.
Olas fem favorittar:
- Kim-Andre Aannestad Lund, Jondalen. – Han er nok den største favoritten. Han har skote 350 poeng ti gonger, seinast i Målselv i noregscupen i førre veke. Han er i stand til å takle presset, og blei konge for tre år sidan.
- Anette Thingbø, Time. – Ho har skote fantastisk og vist storform før LS, med mellom anna 349 i noregscupen. Ho held eit skyhøgt nivå og er mentalt sterk nok til å gå heilt til topps.
- Anne Ingeborg Sogn Øion, Randsfjord. – Også ho har 349 i noregscupen den siste veka, og held eit svært høgt nivå. Ho er den beste skyttaren frå innlands-Norge.
- Jørgen Andersen, Vemundvik. – Denne trønderen har også potensial til å vinne. Han skaut nyleg 348 poeng, og vart prins i 2007.
-
Denne favorittlista fortel også at det godt kan bli ei ny skyttardronning i år. Det har skjedd to gonger tidlegare – Mette Finnestad i 2006 og Eileen Torp i fjor.
– Eileen Torp har ikkje trena like mykje i år som i fjor, og har heller ikkje hatt dei heilt store resultata. Ho kan vinne, men eg vil halde Anette Thingbø og Anne Ingeborg Sogn Øion som større favorittar til ein eventuell dronningtittel, seier Lund.
– Kan vi sjå 350 poeng på Landsskyttarstemnet for første gong?
– Nei, det trur eg ikkje. Det er så mykje som skal klaffe, og det på eit stemne med nærgåande tv og ekstra mykje nervepress, så det tvilar eg sterkt på, seier Ola Lunde.
Rekorden er på 349 poeng, sett av Tor Erik Fossli i Steinkjer i 1998 og tangert av Knut Jørgen Brodahl på Elverum i 2010.