NBA og NHL vurderer å opne igjen
Både basketballigaen (NBA) og ishockeyligaen (NHL) i Nord-Amerika vurderer å fullføre sesongen som blei avbroten i mars.
NHL-direktør Gary Bettman meiner det skal la seg ordne å spele ferdig.
– Det kan vi klare, sjølv om vi må vente så lenge at neste sesong ikkje kan starte før i desember, seier han.
– Statar og byar opnar igjen. Så om vi gjer alt rett, kan vi klare å spele ferdig.
NBA er meir vage. Dei vil sjå det an to til fire veker til før dei bestemmer seg. NBA-sjef Adam Silver har sagt dette til klubbar og spelarorganisasjonar.