Hopp til innhold

Vegra seg for å springe – fekk klar beskjed frå Gjert

Narve Gilje Nordås sprang inn til sin første siger i Diamond League søndag. Men etter løpet innrømde Nordås at han var usikker på om han i det heile teke skulle delta.

Narve Gilje Nordås etter Diamond League-seier i Stockholm

KNUSANDE SIGER: Narve Gilje Nordås knuste alle motstand i Stockholm og sprang inn til sin første siger i Diamond League.

Eg skal ikkje seie at dette var tvang å springe her, men eg var veldig i tvil.

Det fortalde Narve Gilje Nordås til NRK rett etter at han hadde senka sin eigen personlege rekord på 3000 meter med over to sekund.

Og han var ærleg på at det var beskjeden frå trenaren Gjert Ingebrigtsen som gjorde at han tok turen til Stockholm.

Gjert sa sånn: «du har godt av det, du treng det». Ok, så reiste eg bort og så blir det bra, seier Nordås.

På mange måtar kan ein vel seie at Nordås sin definering av «bra» er å tone det heile ned.

– Høyrest jo «cocky» ut

For sjølv om Jakob Ingebrigtsen sin norske rekord på 7.23,63 fekk stå i fred, susa Narve Gilje Nordås inn på andreplass på lista over dei beste i Noreg på 3000 meter.

Narve Gilje Nordås jubler like etter målgang i Stockholm

SUVEREN: Narve Gilje Nordås var heilt suveren på oppløpet i Stockholm og tok sin første siger i Diamond League.

Foto: BILDBYRÅN

– Nå er han tilbake! 7.33,49. Rett inn på andreplass på Noregs liste over alle tider. Men viktigast, han vinn mot eit veldig sterkt felt, kommenterte Jann Post på sendinga.

– Det er lov å feire litt. Diamond League er ikkje småtteri det, seier ein tydeleg tilfreds Narve Gilje Nordås til NRK med ein stor vikinghjelm på hovudet.

Nordås er den fjerde nordmannen som vinn eit Diamond League-stemne. Tidlegare har Andreas Thorkildsen, Jakob Ingebrigtsen og Karsten Warholm sigra i serien med namn etter det uovervinnelege – altså diamant.

Det betyr mykje for Nordås.

– Heilt fantastisk. Eg sa jo på Bislett at eg er i god form, men eg fekk aldri bevist det. Eg treng dette før EM.

Trur du Nordås kan ta medalje i EM i Roma 7.-12. juni?

Ja, han er rågod! 0%

Nei, Jakob Ingebrigtsen og resten av feltet er sterkare 0%

Avstemningen er lukket. 0 stemmer totalt

– Det var knallsterk konkurranse her. Hadde du troa på siger på førehand? spør NRK Nordås.

– Ja, faktisk. Det høyrest jo «cocky» ut, men i alle fall når det vart så taktisk som det vart. Eg kjente meg ekstremt lett. Første halvdel passerte jo kanskje på 3.50 og det kjennest ut som jogging. Og så gjer eg nokre dårlege taktiske vurderingar, men når ein er i så mykje betre form enn dei andre så kan ein tillate seg nokre blunderar taktisk.

Narve Gilje Nordås peker på vikinghjelm

FEIRING: Narve Gilje Nordås fekk seg ein vikinghjelm med norsk flagg i Stockholm

Foto: BILDBYRÅN

– Det er god trening før EM da. Det var ikkje eit perfekt løp, men pers er pers. No er eg vel nummer to gjennom tidene òg, seier Nordås og blunkar.

EM i friidrett startar fredag 7. juni. Meisterskapen ser og følgjer du på NRK. Programmet finn du her.

FEIRING: Narve Gilje Nordås var i knallhumør etter sigeren i Stockholm.

Varsla smadring

Narve Gilje Nordås har tidlegare gått hardt ut og fortalt at han skulle smadre brørne Ingebrigtsen sine rekordar. Hans tidlegare personlege rekord var på 7.35,75, og vart sett under Trond Mohn Games i mai 2024.

Filip Ingebrigtsens sin personlege rekord på 3000 meter er 7.34,00 frå Bislett Games i 2021, mens Henrik Ingebrigtsen sprang på 7.34,80 i Zagreb i september i fjor.

– Tingen er at eg trur eg kan slå begge dei tidene ganske så greitt, fortalde Nordås til NRK for to veker sidan.

Og i Stockholm søndag kveld så fekk Nordås det til.

– Eg vil ikkje seie at eg knuser dei. Det er berre eit lite sekund, men du såg jo her at det var ikkje noko maksløp. Eg kan springe under 7.30. Siste 1000 meter går vel på 2.25-2.26. Det viser vel at eg er i bra slag og kan å avslutte. Det er digg, seier Nordås.

SKOLAUS: Narve Gilje Nordås sprang utan sko på Bislett Games.

Les også Ingebrigtsen fnyser av legendens radikale forslag: – Hvor skal man sette grensen?

Bislett Games 2024

Doblar

I europameisterskapen som ventar frå fredag 7. juni er Narve Gilje Nordås kvalifisert til å springe både 1500 meter og 5000 meter.

Etter søndagens siger på 3000 meter, ser han seg sjølv som størst medaljefavoritt på den lengste distansen.

– Nå ser eg medaljesjansane på 5000 som større. Ikkje forbi eg er betre trent, men fordi det er meir taktikk på 1500 meter. Det er meir som kan gå feil i taktiske løp. På 5000 så er det meir at den beste løparen vinn. Litt meir føreseieleg, seier Nordås.

Les også Nordås om gesten fra Ingebrigtsen: – Jeg setter pris på det

Narve Gilje Nordås og Jakob Ingebrigtsen