Hopp til innhold

Nannskog ut mot svenskane: – Noreg er ingen drøymemotstandar

Sveriges landslagsspelarar vil helst møte Noreg i playoff. Men Daniel Nannskog åtvarar mot eit norsk lag i frammarsj og meiner Noreg på ingen måte er ein drøymemotstandar.

Daniel Nannskog

ADVARAR: Både svenske spelarar, kongelege og presse håpar på å møte Noreg i playoff om me ikkje slår Italia i kveld. Daniel Nannskog går mot straumen og advarar mot eit norsk lag i frammarsj.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

–«Det kittlar lite med Norge», opnar programleiaren i SVTs fotballstudio med.

Sverige slo Moldova i sin siste kvalifiseringskamp i går kveld, men må ut i playoff for å kvalifisere seg til EM i Frankrike. Og akkurat det var det store temaet i SVTs studio i går kveld. Der var tidlegare Stabæk-storskårar Daniel Nannskog på plass og han er langt frå einig med det programleiaren legg fram.

Vil helst møte Noreg

– Eg likar ikkje at spelarane går ut og seier dei vil møte Noreg. Det er ikkje ein drøymemotstandar slik eg ser det, sa Nannskog som er fotballekspert for den svenske kringkastaren.

For etter 2-0 sigeren over Moldova i går, svarte fleire av dei svenske spelarane at dei håpar å møte Noreg i dei to avgjerande kampane for å nå EM-sluttspelet neste sommar, om me ikkje slår Italia og kvalifiserer oss direkte i kveld.

– Det hadde vore kult å møte Norge, sa Martin Olsson til Expressen.

– Eg vil helst møte Noreg, var Erkan Zengin like klar på til same avis.

Martin Olsson mot Austerrike

VIL HA NABODUELL: Norwich-backen Martin Olsson tek gjerne eit playoff-møte mot Noreg i november.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Til og med prins Carl Philip ser på nabolandet som drøymemotstandaren.

– Det hadde vore spennande å sjå Sverige mot Noreg i playoff. Da må me vinne, sa prinsen til Expressen.

Carl Philip i Falun-VM

VIL PÅ KAMP: Prins Carl Philip vil gjerne sjå Sverige mot Noreg i playoff. Og der er svenskeprinsen sikker på svensk avansement. Her er han klar for å heie dei svenske fargene fram i Falun i vinter.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– Noreg er i kjempeslag

Men der trur Nannskog at både spelarar og kongelege er alt for kjepphøge. Mannen med 101 mål for Stabæk ser eit norsk lag som er langt betre enn det han såg da han var aktiv.

– Noreg er på veg oppover. Dei har mange unge spelarar og har vore i veldig bra slag den siste perioden. Du må hugse at dei slo Kroatia som er eit veldig sterkt lag med 2-0. Ein er verkeleg sulten på å nå eit sluttspel der nå og det norske landslaget er eit lag eg har stor tru på i framtida.

Nannskog trur det blir ein svært tøff kamp mot Italia i Roma i kveld, men utelukker ikkje at hans andre "heimland" kan ha sjanse på siger.

– Det finst moglegheiter mot Italia. Italia er EM-klare og me veit at Italia kan ta det litt piano.

– Men det er fordel Sverige om me møter dei i playoff, spør programleiaren.

– Noreg i playoff, eg likar ikkje det. Det er fordel Sverige på grunn av Zlatan, men det føles ubehageleg. Dei er verkeleg eit lag som jobbar godt saman, svarte Nannskog.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal