NRK Meny
Normal

Nani forlenger med Manchester United

Han har blitt lenka til andre klubbar stadig vekk, men no ser det ut til at Nani blir verande i Manchester. Portugisaren skreiv torsdag under på ei kontrakt fram til 2018.

Nani

Nani, her i duell med Chelsea-spelar Oscar, har signert ny kontrakt med Manchester United.

Foto: IAN KINGTON / Afp

– Eg er veldig fornøgd med at Nani har forlengt med klubben, seier Manchester United-manager David Moyes til klubben sin eigen nettstad.

Sist sesong spelte den 26 år gamle kantspelaren berre sju seriekampar frå start i United-trøya. Ein kontrakt som går fram til juni 2018 viser no at Nani er med i Moyes sine planar.

– Han er svært allsidig og har mykje erfaring. Eg er imponert over innstillinga han har hatt på treningsfeltet, og eg ser fram til å jobbe saman med han i åra som kjem, fortel Moyes.

– Glad for tilliten

Nani kom til Manchester United i mai 2007 frå Sporting CP.

Sidan då har den tekniske kantspelaren vunne Premier League fire gonger, Meisterligaen éin gong og ligacupen to gonger.

– Å spele i United har vore ei fantastisk erfaring for meg. Då eg kom til klubben hadde eg aldri sett føre meg den suksessen vi har hatt, fortel Nani til Manchester United si nettside.

Han seier vidare at det å trene saman med spelarar som vil vinne trofé er ein stor motivasjon.

– Eg er veldig glad for at den nye manageren har gjeve meg tillit, og eg ser fram til å hjelpe laget til fleire triumfar denne sesongen, avsluttar 26-åringen.

Så langt står Nani med 133 kampar og 26 mål for Manchester United. På det portugisiske landslaget står Nani oppført med 62 kampar og 13 mål.

(NRK/NTB)

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal