Brown vann første settet 7-5, men den gamle meister slo tilbake med 6-3 i andre sett.
Men tyskaren tok det tredje med 6-4, og det fjerde med same siffer. Nadal sto i mot to matchballar før han klarte å redusere til 4-5. Men i Browns servegame måtte han gi tapt.
– Du kan ikkje gjere mistak mot ein mann med hans serve, sa Nadal, som var full av respekt for spelet motstandaren viste.
– Han hadde ingenting å tape, og eg fekk aldri rytme over spelet, sa Nadal.
– Men dette er ikkje verdens ende. Livet går vidare, og min karriere er ikkje slutt, sa 29-åringen frå Mallorca.
Dustin Brown er berre rangert som nummer 102 i verda. Men han har slått Nadal før – i Halle i fjor, siste dei møttest.
Rafael Nadal har 14 grand slam-titlar. To av dei i Wimbledon, i 2008 og 2010. I 2011 kom han også til finalen. Men etter det har han ikkje fått det til.
Tvert i mot har han gjort det til ein vane å tape for lågt rangert spelarar på Wimbledon-graset:
- I 2012 tapte han i andre runde for Lukas Rosol, nummer 100 på verdsrankingen
- I 2013 tapte han i første runde for Steve Darvis, nummer 13 på verdsrankingen
- I 2014 tapte han i fjerde runde for Nick Kyrgios, nummer 144 på verdsrankingen
Det siste året har han dessutan slite med skader, og har derfor falle på rankingen. I årets Wimbledon-turnering var han rangert som nummer 10.
For Brown var det hans første kamp nokonsinne på centrecourten i Wimbledon. – Eg trudde det ville kjennest litt voldsomt. Men det gjekk fint.
– Det var lett for meg å prøve å spele mitt spel i dag. Eg hadde ingenting å tape, sa Brown.
Tidlegare i dag gjekk både Roger Federer – rangert som numer to – og Petra Kvitova – fjorårsvinnar i Wimbledon – lett vidare til tredje runde i turneringa.