Det blei klart for gigantmøte i French Open då sveitsiske Roger Federer slo «uovervinnelege» Novak Djokovic i semifinalen laurdag.
Sveitsarens motstandar i finalen, Rafael Nadal, er ikkje sjokka over at det var Federer, og ikkje Djokovic som tok seg til finalen denne gongen.
– Vi veit alle kor god han er, og kor bra sesong han har hatt. Federer har bare tapt mot meg og Djokovic tidlegare denne sesongen, seier Nadal.
– Umogleg å ta att Federer
Serbiske Novak Djokovic kunne tangera John McEnroes legendariske rekord på 42 sigrar på rad i ein sesong. Men draumen blei knust av suverene Federer.
Det får Nadal til å tenka seg om før finalemøtet sundag.
– Etter å ha sett han ta spelet sitt til nye høgder ved å slå Djokovic i semifinalen, er eg ikkje sikker på om eg kan slå Federer sjølv om eg speler på mitt beste.
Til no sit Federer med 16 Grand Slam-titlar i karriera. Ingen har fleire. Til samanlikning har Nadal ni.
Og sjølv om Nadal ikkje er milevis unna å tangera rivalen trur han ikkje nokon vil vinna like mykje som Federer har gjort.
– Det er umogleg for oss andre å ta att Federers bragder. Det vil vere ei ære å møta han i finalen, seier Nadal.
Stolt over å få møta legenden
Nadal og Federer er ikkje ukjende motstandarar. Kjempene har møtt kvarandre i heile 24 finalar i karriera.
I morgon møter dei kvarande til Grand Slam-finale for åttande gong.
(artikkelen held fram under biletet)
Nadal er stolt over å få bryna seg mot den største tennisspelaren i historia.
– Federer har vore med heile vegen. Det vil vere ei ære å spela mot den største i historia, seier Nadal.