Under VM har kampanjen «Anyone but England» blussa opp. Skottar, walisarar og irar frydar seg når storebror slit på fotballbana.
Mange har tatt til sosiale media for å støtte alle andre lag enn England under meisterskapen, i tillegg til at det blir hengt opp plakatar med «Anyone but England» i Glasgow og andre stader.
Også større profilar, som den skotske førsteministeren Nicola Sturgeon, har hengt seg på kampanjen.
Men kvar kjem denne motstanden mot England i resten av Storbritannia frå?
– Dette handlar om gamle motsetningar og rivaliseringar internt på dei britiske øyane, seier Atle Libæk Wold, førsteamanuensis ved det humanistiske fakultetet ved Universitet i Oslo.
Han utdjupar:
– Det har mykje å gjere med at England dominerer så totalt over dei mindre naboane i den britiske statsdanninga. Dei andre landa føler seg ofte fullstendige overkøyrde. Derfor er det uaktuelt å heie på England, fortel Wold.
– Ikkje konsekvente
Tidlegare har dei ulike nasjonane på dei britiske øyane vore i krigar og andre konfliktar med kvarandre. Men no får desse motsetningane utløp i sportsarrangement i staden, meiner Wold.
Likevel er det slik at Storbritannia stiller felles lag i OL. Og dei fleste i Storbritannia jublar når Andy Murray vinn Wimbledon-turneringa i tennis.
– I god britisk ånd er dei ikkje så konsekvente. I nokre idrettar representerer dei Storbritannia, i andre enkeltlanda. Men nokre tommelfingerreglar gjeld. I idrettar som hadde sitt opphav på dei britiske øyar, som fotball, rugby og cricket, er det typisk at dei enkelte landa stiller med kvar sine lag, forklarer Atle Libæk Wold.
I OL har ein ikkje noko val. Der må Storbritannia stille felles lag.
– Dessutan handlar jo dette om kor prestisjefull turneringane er. Fotball i OL har låg status. Det ville ha blitt ramaskrik om Storbritannia måtte stille lag i til dømes fotball-VM, meiner Wold.
– Skarpare motsetningsforhold
Espen Aas, NRK-korrespondent i Storbritannia og Irland mellom 2013 og 2017, trur skottane er leie av at engelskmennene er så sjølvgode. Og dette gjeld kanskje i endå større grad walisarane, som gjorde det langt betre enn England i EM for to år sidan.
– Men dette handlar også om politikk. Etter Brexit for to år sidan følte mange skottar, walisarar og også nordirar at England trumfa gjennom noko dei andre eigentleg var imot, fortel Aas.
Han meiner motsetningsforholda internt blant dei fire landa i Storbritannia har blitt mykje, mykje skarpare.
– Skottar og walisarar er blitt mykje meir opptekne av å vere skottar og walisarar enn å vere britar, seier Espen Aas.