Herlovsen blei sjuk kort tid etter at ho avgjorde cupfinalen for LSK Kvinner i fjor. 27-åringen var slapp og sleit med kraftig forkjøling i lang tid.
– Kroppen har ikkje fungert. Eg har vore veldig sliten. Vi mistenker at eg har hatt eit utmattingssyndrom, seier Herlovsen til NRK.
– Vanvittig deilig
No er fjorårets toppserie-toppscorar på veg tilbake. I ein treningskamp mot Røa scora ho to gangar då LSK Kvinner vann 3-1.
– Det var vanvittig deilig.
– Har du vore usikker på om du kunne komme tilbake?
– Eg blir ikkje usikker. Eg veit kva eg er god på, og føler eg har trena godt dei siste vekene. Det var deilig å spele ein omgang i dag, seier Herlovsen.
Vil bidra i OL-kvalifiseringa
No vil ho bidra på landslaget igjen, men er usikker på om ho får speletid når landslaget skal spele avgjerande OL-kvalifiseringskampar
– Eg er ikkje i toppform, men eg blir heilt sikkert med som ein joker. Eg klarer å spele ein omgang mot Røa, men internasjonalt er det høgare nivå. Vi får sjå kva landslagssjefen tenker. Eg håpar å kunne bidra, seier Herlovsen.
– Eg kan komme inn og gjøre ein jobb når motstandaren er sliten, foreslår Herlovsen.