– Eg sat og drakk kaffi. Så gjekk det hol på tarmen, og det blei akutt. Det gjekk fem minutt, så ringde vi etter sjukebil Den kom ikkje, men madammen køyrde meg til sjukehus, fortalde Myrhol på ein pressekonferanse.
Overfor NRK utdjupar han det som skjedde.
– Først trudde eg at eg hadde fått omgangssjuke, og prøvde å kaste opp. Men smertene blei sterke, dei låg på 10 av 10. Det går ikkje an å ha meir vondt, trur eg.
Sambuar Charlotte ringde etter ambulanse.
– Men vi bur litt ute på landet, og det tar tid å få sjukebil hit. Så det gjekk vesentleg raskare at ho var ambulansesjåfør den dagen. Ho fekk dytta meg inn i baksetet på bilen, og eg hadde ikkje alle kleda på, iallfall. Så stod dei og venta på meg på sjukehuset.
– Var du redd då du blei innlagd med slike smerter utan å vite noko om kva det var?
– Nei, ikkje redd. Eg var berre oppteken av å bli kvitt smertene.
Det er første gongen han snakkar om den vanskelege tida han har hatt dei siste månadene.
– Eg har hatt ein vanskeleg haust, seier Myrhol, som til dagleg spelar på den danske klubben Skjern.
– Fysisk og mentalt tøft
På sjukehuset blei det konstatert det som heiter «divertiklar» på tarmen, det vil seie utposingar.
– Dei var betente, og det har gått hol på dei to gonger i løpet av hausten. Derfor har eg hatt ein dritsesong, min dårlegaste sesong sidan eg starta å spele handball. Det har vore fysisk og mentalt tøft å ikkje kunne bidra, sa han på pressekonferansen.
Han har vore innlagd tre gonger sidan han merka problema den siste ferieveka i sommar. Første gongen låg han på sjukehuset i nesten ei veke og var skikkeleg dårleg.
Det var onsdag i førre veke at landslagskapteinen blei akuttinnlagd på sjukehus og operert for eit hol i tarmen.
– Det sette ein støkk i meg, seier han.
– Eg har hatt tallause undersøkingar, og det har eg greidd å halde skjult for dykk, sa Skjern-spelaren til journalistane.
Men han har aldri vore verkeleg uroleg.
– Det har ikkje noko med liv og død å gjere, og då er eg roleg.
Siktar på EM i januar
Han hadde ønska å halde det hemmeleg heile tida. Men då problema melde seg etter sesongslutt, kunne han ikkje halde det skjult lenger.
Det tøffaste meiner han var at han hadde brukt heile sommarferien på å trene seg opp, og ha gjort jobben med masse trening, og så få ei veke der han blei dårleg like før sesongoppkøyringa.
Då han var på beina igjen, trena han knallhardt i to veker.
– Det er kanskje det einaste eg tek sjølvkritikk for, at eg trena litt for hardt i den perioden, kom i form igjen, og så fekk det eg vil kalle hovudknekken i august. det sette meg veldig langt tilbake. Så det har vore litt trått, det kan eg seie.
Legane kan ikkje gjennomføre det Myrhol sjølv kalla den store operasjonen no, fordi det er betennelse.
– Derfor går eg på antibiotika og kjem til å gjere det i lang tid. Først når tarmen er heilt frisk, kan legane operere og fjerne den dårlege delen av tarmen, seier han.
Det er planlagt til februar, rett etter EM i Noreg og Sverige. – Det er ikkje noko val eg har teke sjølv, det er legane som seier at det trengst tre månader.
– Men i mellomtida skal eg prøve å spele handball, og har store planar om å prøve å vere med i EM, seier kapteinen.