Myrhol ute på ubestemt tid – akuttinnlagt med mageinfeksjon

Landslagsspelar Bjarte Myrhol (37) er ute på ubestemt tid etter at han i går vart akuttinnlagt på sjukehus og operert for ein infeksjon i tarmen.

Skadet

UTE: Handballspelar Bjarte Myrhol er ute på ubestemt tid og har blitt operert i tarmen.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Den norske handballspelaren, som til dagleg spelar i den danske klubben Skjern Håndbold, skal ifølgje klubben lenge hatt problem med ein infeksjon i tarmen.

Onsdag vart problema så store at nordmannen måtte akuttinnleggast. Her skal han ha blitt operert på grunn av eit hol i tarmen.

– Det er venta ein lengre pause frå handballen som ingen kjenner omfanget av på noverande tidspunkt, skriv klubben på eigne nettsider.

Det er andre gong på fire månader den norske strekspelaren er innlagt.

Håpar han er raskt tilbake

– Beste scenario er at Bjarte kan vere tilbake på bana igjen i desember. Men det er også ein risiko for at det må ein operasjon til seinare, så det er ingen garanti for når Bjarte kan vere med for full kraft igjen, fortel fysioterapeut John Bruun i Skjern Håndbold.

Håndballgutta i Grimstad.

UTE: Bjarte Myrhol har 200 landskampar for Norge.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

NRK var i kontakt med Myrhol torsdag ettermiddag.

– Eg er ikkje heilt i form no, men tenkte å snakke med journalistar i morgon, skriv han i ei tekstmelding.

Myrhol er også ein viktig spelar på det norske landslaget. På nyåret er det EM delvis på heimebane.

– Det viktige for Bjarte no er å få den beste behandlinga og oppfølginga. Vi kjem til å halde løpande kontakt med han og Skjern i tida som kjem. Samtidig vil vi no ønske han riktig god betring, seier landslagssjef Christian Berge til nettstaden handball.no.

Eliteserien håndball, menn: Drammen-Elverum (26-22)

DIALOG: Landslagssjef Christian Berge seier han vi ha tett dialog med den danske klubben.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Landslagslege Thomas Torgalsen var i kontakt med Myrhol tidlegare i dag.

– Eg håpar og trur at han kan komme tilbake i trening og spele før jul. For oss er det viktigaste at Bjarte blir frisk og har det bra, men det er klart vi også tenker på at det er eit meisterskap i januar. I Norge, til og med. Vi håper at han blir frisk, sånn at han kan bli med oss til EM, seier Torgalsen til TV 2.

Pregar klubben

Norge spelar sin første EM-kamp 10. januar.

37-åringen var på det norske laget som tok sølv i VM 2017 og 2019. Begge gonger kom han på «all star team» som beste strekspelar.

Han har spelt 200 kampar med det norske flagget på brystet og skåra 591 mål, sidan han debuterte i 2002.

Klubben skriv vidare at dei er prega av den triste beskjeden.

– Vi føler med Bjarte og familien, som har vore gjennom mykje dei seinaste månadane. Vi veit ikkje så mykje på det noverande tidspunkt, men vi kjem til å sakne han veldig mykje. Alle i og omkring Skjern Håndbold sender familien dei beste tankar. Vi håpar snart at vår kaptein er tilbake på handballbana, seier klubbleiar Carsten Thygesen.

VM Håndball 2019 menn. Norge - Ungarn. 36-26.

VM-SØLV: Myrhol vart kåra til beste strekspelar under VM både i 2017 og 2019.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Siste nytt

  • 13 spelarar koronasmitta

    Åtte spelarar på AZ Alkmaar, med tre norske spelarar, fekk tysdag påvist korona. I alt er 13 spelarar i klubben smitta, opplyser dei på eigen nettside.

    Den nederlandske klubben opplyser ikkje kven som er smitta. Både Håkon Evjen, Fredrik Midtsjø og Jonas Svensson spelar i klubben som skal møte Napoli i Europaligaen torsdag kveld.

    Ukraine Soccer Champions League
    Foto: Efrem Lukatsky / AP
  • Tratnik sterkest på Giro-etappe

    Bahrain McLaren-rytteren Jan Tratnik tok sin første etappeseier i en Grand Tour da han tirsdag vant 16. etappe i Giro d'Italia etter å ha ligget i brudd lenge.

    Dermed ble det en stor dag for sloveneren, som ble tatt igjen av Ben O'Connor få kilometer før mål, men likevel klarte å parkere NTT-rytteren på slutten.

    O'Connor måtte gi slipp på slutten og kom i mål sju sekunder bak Tratnik. Et drøyt minutt senere kom en rekke andre bruddryttere i mål, med Tratniks lagkamerat Enrico Battaglin på 3.-plassen.

    Jan Tratnik
    Foto: Luca Bettini / AFP
  • Dopingsak avvist

    Dopinganklagene som har vært rettet mot fjorårets verdensmester på 400 meter for kvinner, Salwa Eid Naser, er avvist.

    22 år gamle Naser, som representerer Bahrain, ble midlertidig suspendert i juni og anklaget for å ha forbrutt seg mot reglene om meldeplikt.

    AIU anklaget den nigerianskfødte løperen for fire brudd på meldeplikten, og tre av disse skal ha funnet sted i perioden mars 2019 til januar i år.

    Det internasjonale friidrettsforbundets disiplinærkomité kunne samtidig ikke bekrefte et påstått meldepliktsbrudd i april i 2019. Dermed har ikke Naser gjort seg skyldig i tre regelbrudd på 12 måneder, hvilket er et krav for at det skal opprettes sak for brudd på antidopingreglementet.

    Eid Naser
    Foto: Jewel Samad / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal