– Det er heilt utruleg at nokon kan snakke om semifinale for eit norsk herrelandslag i handball. Det er nesten surrealistisk, men kanskje me kan begynne å drøyme litt me også nå.
Bjarte Myrhol står i pressesona med eit kutt over auget, men med sitt breiaste glis etter ein landskamp nokosinne.
Han har akkurat vore med på gjere om ei kokande heksgryte med 15.000 jublande polakkar, til ein nærmast heilt stille hall der norske jubelbrøl til slutt var det einaste ein høyrte.
– Vanskeleg å ikkje tenkje på semifinale
– Eg har ikkje vunne så mange mellomspelskampar med landslaget akkurat, så den kampen her heng veldig høgt, smiler Myrhol.
Nå kan kapteinen og resten av landslaget i høgste grad drøyme om ein historisk semifinale.
– Det er vanskeleg å ikkje tenke på det, men nå er det Makedonia me har fokus på, vinn me den så ser det lyst ut, seier Christian O'Sullivan.
Målforskjell kan avgjere
For på måndag møter Norge gruppejumbo Makedonia som står med null poeng så langt i hovudrunden. Tek Norge ein ny siger i den kampen og tapar med tre mål eller mindre mot storfavoritt Frankrike, er me klare for semifinalen.
Men det er mange moglege utfall her i Krakow.
Etter kampane i går er Norge og Frankrike likt med seks poeng kvar på toppen av tabellen. Polen Kroatia og Polen har fire poeng og er dei laga som kjempar om to semifinaleplassar.
Dersom Polen, Frankrike og Norge alle havnar på åtte poeng, er det målforskjellen som avgjer. Polakkane har slått Frankrike 31-25 og er dermed vidare, da må Frankrike slå Norge med fire mål eller meir for å ta fylgje.
Viss Norge skulle gå på eit stortap mot Frankrike, kan me likevel avansere og det som TV-tilskodarar. For om Kroatia unngår tap mot vertsnasjon Polen i kampen som går etter Norge-Frankrike, hjelper dei oss vidare.
Om me skulle ta tre eller til og med fire poeng i kampane mot Makedonia og Frankrike måndag og onsdag er me sjølvsagt også vidare.
Ikkje overraska
Espen Lie Hansen banka inn åtte mål og var gårsdagens store helt. Han er langt frå overraska over den unike posisjonen laget har sett seg sjølv i nå.
– Om nokon hadde sagt det før EM er det ikkje som mange hadde trudd på oss. Men eg er ikkje overraska, me har eit utruleg godt lag. Nå må me berre nyte denne sigeren, gliser storskyttaren.