– Det er vondt. Eg skal heim nå og få lagt meg i eit mørkt rom, seier Bakenga om hendinga som skjedde med vel ti minutt igjen av kampen mellom Stabæk og Tromsø laurdag.
Spissen jakta ein lang ball i bakrom og hoppa opp med ryggen mot mål i eit forsøk på å nå ballen med hovudet. Frå motsett retning kom Tromsø-målvakt Jakob Haugaard, som heada ballen unna.
Samtidig viste TV-bileta tydeleg at handa til målvakta trefte Bakenga, som gjekk ned for teljing omgåande.
– Eg såg ballen og så sa det pang og så låg eg nede, seier Bakenga, som til slutt måtte sjå at Tromsø vann 1–0 på Nadderud laurdag.
Sjå situasjonen her:
Meiner Bakenga prøvde å skape straffe
At Bakenga vart liggjande nede etter samanstøyten vart ikkje godt teke imot av Tromsø-kaptein Ruben Yttergård Jenssen.
Tromsø-spelaren meinte først at Bakenga prøvde å skape eit straffespark «ut av ingenting» då han gjekk ned i ein duell med Kent-Are Antonsen få minutt før. Så kom samanstøyten med Haugaard.
– Den er jo endå meir spesiell. Då er det jo Jakob som er oppe i ein hovudduell og han knuser jo «Mush». Det blir nesten litt vondt å sjå han liggje der etterpå. Det treng han ikkje, seier Yttergård Jenssen.
– Ruben Yttergård Jenssen seier at du ligg og driv med skodespel der. Er du samd i det, Bakenga?
– Han kan halde kjeft.
– Kva tenkjer du på då?
– Han kan halde kjeft. Han veit, seier Bakenga.
KAPTEIN: Ruben Yttergård Jenssen meiner Bakenga prøvde å skape eit straffespark «ut av ingenting». Etter kampen feira kapteinen med supporterane.
Foto: Frederik Ringnes / NTB– Dei er ikkje så vant med suksess
Då Bakenga vidare vart spurt om straffesituasjonen, trekkjer NRKs reporter fram at Yttergård Jenssen meinte at det var «ingenting».
– Alle som har auge ser det (at det er straffespark).
– Ruben Yttergård Jenssen seier at det berre er tull?
– Og Ruben kan endå ein gong halde kjeft.
– Er du irritert på han?
– Dei er ikkje så vant med suksess, så når det er litt suksess så går det rett opp i hovudet. Då skal ein liksom (gjere) alt smilande og med glimt i auget. Dei får nyte og heller halde kjeft og halde fokus på seg sjølv, seier Bakenga.
ROPTE PÅ STRAFFE: Mushaga Bakenga meiner han vart snytt for straffespark i denne situasjonen.
Foto: Frederik Ringnes / NTBMedan Bakengas Stabæk ligg på 15. plass og kjempar for å halde plassen, er Tromsø med i gullkampen, berre tre poeng bak serieleiar Viking med éin kamp meir spelt enn siddisane.
– Han ligg no og syter og rullar seg heile tida han òg. Eg har faktiske situasjonar der det er straffe. Viss eg seriøst no har kasta opp i 20 minutt fordi eg gjorde meg til ... eg veit ikkje kva eg får i bakhovudet (handa til Haugaard). Så derfor kan han halde kjeft, seier Bakenga.
– Kva skal du gjere no?
– Eg må forhåpentleg komme meg på eit kaldt rom og lukke auga litt. For eg er svimmel som berre juling.
NRK har forsøkt å få en kommentar fra keeper Jakob Haugaard om duellen med Bakenga, men har foreløpig ikke lykkes.
Har spelt i Tromsø tidlegare
Bakenga har sjølv vore med på å vinne Eliteserien med Rosenborg fire gonger. Spissen spelte også 41 kampar i Eliteserien for Tromsø frå 2017 til 2019, men med avgrensa suksess.
NRK har etter at laga forlét Nadderud vore i kontakt med Yttergård Jenssen og lagt fram for han Bakengas sitat.
– Kommentaren min til det er at eg synest «Mush» er ein fin mann og ein god spelar. Eg synest Stabæk ser spennande ut og ønskjer dei lykke til i sesongavslutninga, skriv han i ei melding til NRK.
PS! Til TV 2 forklarer dommar Christian Moen kvifor dei ikkje dømde straffe til Bakenga i situasjonen med Antonsen slik:
– Vi ser at han har ei hand på seg. Så vurderer vi at ho er soft. Det er ikkje ei klar halding. Det er ei lita halding, men vi meiner det ikkje er nok til straffe.