NRK Meny
Normal

Murray rørt til tårer etter heimesiger

For andre gong vann Andy Murray Wimbledontureringa, etter tre strake sett mot Canadiske Milos Raonic

TENNIS-WIMBLEDON/

RØRT: Andy Murray slapp jubelen, og tårene laus etter finalesigeren.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Det var ein tydeleg rørt brite som kunne løfte Wimbledon-pokalen for andre gong, etter å ha sigra 3-0 over 6. seeda Milos Raonic på Centre Courten i Wimbledon.

Etter at både Novak Djokovic og Roger Federer rauk ut tidlegare i turneringa, låg vegen bana for at heimefavoritten Murray skulle gå av med sigeren. Han innfridde, og leverte ein skikkeleg maktdemonstrasjon i finalen.

Med siffera 6-4, 7-6, og 7-6, kunne Murray sleppe jubelen laus.

Laster Twitter-innhold

– Den viktigaste turneringa

Murray la ikkje skjul på kor mykje denne sigeren betyr for han. I intervuet etter kampen fortalte han kor viktig det var å for han å vinne dagens finale.

TENNIS-GBR-WIMBLEDON

LØFTA POKALEN: Andy Murray kunne løfte Wimbledon-pokalen for andre gong.

Foto: LEON NEAL / Afp

– Dette er den viktigaste turneringa for meg, og eg er utruleg glad for å vinne, sa Murray etter å ha fått pokalen overlevert.

Men det har også vore tunge tider for Murray i Wimbledon, og mange tunge tap. Difor smakte dagens siger ekstra godt.

– Eg har hatt gode sigrar, og vanskelige tap her. Det føles ekstra godt å halde pokalen etter alle dei vanskelege dagane, sa Murray.

Då han vann i 2013, blei han den første briten som vann på 77 år. I dag seier han at han kan nyte sigeren endå meir enn sist gong.

– Eg skal nyte denne enda meir enn forrige gang. Då var eg so nervøs, no skal eg berre nyte det.

Siste nytt

  • Norske Mathias (18) til NHL-lag

    NHL-laget Calgary Flames har draftet den norske 18-åringen Mathias Emilio Pettersen fra Manglerud, opplyser klubben på Twitter. Det siste året har han spilt på Muskegon Lumberjacks i United States Hockey League.

    Mathias Emilio Pettersen
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Molde slo tilbake

    Molde vann 3–0 heime mot Stabæk i kveld. Dermed slo dei tilbake på første forsøk etter 1-0-tapet mot Kristiansund. Fredrik Aursnes og Eirik Hestad scora begge før kvarteret var spelt, medan innbytar Mattias Moström slo til med eit lekkert mål i det 90. minutt.

    Fredrik Aursnes og Eirik Hestad
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Vil sende dommaren til Haag

    Serbia-trenar Mladen Krstajic er svært skuffa over at Aleksandar Mitrovic ikkje fekk straffe i 2-1-tapet mot Sveits. – Dommaren (tyske Felix Brych) burde ha blitt sendt til Haag, rasar Krstajic – og siktar til byen der den internasjonale straffedomstolen ligg.

    FBL-WC-2018-SRB-PRESSER
    Foto: OZAN KOSE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: England - Panama
Veien til VM: Uruguay og Senegal
FIFA Fotball-VM 2018: Japan - Senegal
VM fotball: Japan - Senegal
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Japan - Senegal
4-4-2 Radiosporten: 4-4-2 Radiosporten og FIFA Fotball-VM 2018 Japan - Senegal
4-4-2 Radiosporten: 4-4-2 Radiosporten og FIFA Fotball-VM 2018 Japan - Senegal
4-4-2 Radiosporten: 4-4-2 Radiosporten og FIFA Fotball-VM 2018 Japan - Senegal
4-4-2 Radiosporten: 4-4-2 Radiosporten og FIFA Fotball-VM 2018 Japan - Senegal
4-4-2 Radiosporten: 4-4-2 Radiosporten og FIFA Fotball-VM 2018 Japan - Senegal