– Det låg veldig mykje kjensler der, etter mange kjenslemessige opp- og nedturar. I dag er eg ekstemt tilfreds, sa ho på eit pressemøte etter rennet.
For første gong sidan sesongen 2017-18 kunne 29-åringen frå Molde gå opp på sigerspallen i eit verdscuprenn. I mellomtida har ho hatt eit skademareritt vesentleg lenger enn eit vondt år.
No er ho tilbake i toppen, klar for å kjempe om verdscup-sigrar og OL-medaljer.
– Eg er vanvittig glad for å ha greidd å gjere jobben med å kome tilbake. Etter dette rennet kjem eg til å bli mykje tryggare på meg sjølv, sa Mowinckel.
– Det er godt å kunne sitje med ei kjensle av at ein er rekna med, at rennet ikkje er over før eg er i mål. Det er lenge sidan eg har hatt den kjensla, sa ho.
Mowinckel med startnummer 19 låg i teten heile vegen og kjempa med italienske Sofia Goggia om topplassen.
– Min beste super-G nokon gong, sa Goggia. Det fortel at også Mowinkels prestasjon var stor.
– Blei forbanna
På toppen hadde ho beste passeringstid, og leia med opptil 32 hundredeler på det meste.
Men ho heldt ikkje avslutningsfarten til den italienske løparen heilt inn, og kom i mål 33 hundredelar bak. Avstanden bakover til nummer tre, Elena Curtoni, var 18 hundredeler.
– Eg gjorde nokre småfeil i mellompartiet, og blei forbanna, sa Mowinckel.
Det er det beste ho har gjort etter at ho kom tilbake frå sitt nærmare to år lange skademareritt. Derfor kom tårene rett etter målgang.
– Det er nok ekstra mykje kjensler knytte til dagens pallplass, seier NRKs ekspertkommentator Nina Løseth.
– Ragnhild har vore tolmodig og har verkeleg kjempa seg tilbake i verdstoppen der vi alle veit at ho høyrer heime. Det er ein stor dag for både Ragnhild og hennar nærmaste støttespelarar. Eg gler meg til fortsetjinga, seier Løseth.
– Heilt enormt
Også Lars Elton Myhre let seg begeistre av Mowinckels prestasjon.
– Dette er heilt enormt! Superprofesjonell i alt ho gjer, og jobbar tolmodig. Det er utruleg imponerande, og det er fantastisk å ha henne tilbake i toppen Det var ikke gitt, seier Myhre.
Dette er Mowinckels tredje pallplass i super-G, men dei første var i 2017-18-sesongen, då ho også tok sin einaste verdscupsiger. Men det var i storslalåm.
– Det har vore ei krevjande tid, med mange opp- og nedturar. Men i dag kjenner eg at det var verdt det, sa Mowinckel.
Mowinckel har også OL-sølv både i storslalåm og utfor i Pyeongchang.
Men i 2019 øydela ho to gonger korsbandet i høgre kne og var sett utanfor lenge.