Mourinho blir håna og kritisert for å storme ut av pressekonferanse

José Mourinho forlanga respekt av journalistane etter 3-0-tapet for Tottenham, men får i staden refs for å avbryte pressekonferansen i sinne.

FBL-ENG-PR-MAN UTD-TOTTENHAM

FÅR TYN FOR TEMPERAMENT: José Mourinho skaper debatt etter å ha tapt og forlatt pressekonferansen i sinne.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Manchester United-managerens utbrudd etter kampen er den store snakkisen på Twitter og i engelske medier.

Opptrinnet starta med at Mourinho heldt opp tre fingrar til ein journalist.

– Veit du kva dette betyr?, sa Mourninho og henviste til fingrane.

– Det betyr 3-0, men det betyr også tre Premier League-titlar. Eg har vunne fleire Premier League-titlar aleine enn resten av dei 19 andre managerane til saman, avslutta portugisaren før han reiste seg og fullførte med å forlange respekt.

– Tre til meg og to til dei andre. Respekt, respekt, respekt.

  • Sjå video av episoden her:
Laster Twitter-innhold

Programleiar om Mourinho: – Ei skam

Episoden skaper kok på Twitter, der Mourinho får støtte frå fans, men også kritikk av både profilerte journalistar og programleiarar.

Fleire refererer til Mourinhos kommentar om tidlegare Arsenal-manager Arsene Wenger, som også vann tre Premier League-titlar.

Mourinho kalla Wenger «ein spesialist i å feile». Fleire meiner det er umusikalsk av Mourinho å kreve respekt for det samme: Å ha vunne tre Premier League-titlar.

«Mourinho har bare venta på å kunne bruke at han har vunne tre titlar i mange år, men kunne ikkje gjøre det før Wenger slutta,» skriv Daily Telegraph-redaktør Ben Rumsby:

Laster Twitter-innhold

«Mourinho ber om respekt, men viser ikkje respekt for media når han når han lagar ei scene ut av heilt greie spørsmål. Han viser media mindre respekt enn vi viser han. Det er media som burde bedt om respekt,» skriv journalist i Bein-sports, Ben Jacobs:

Laster Twitter-innhold

«Kor mykje lengre kan Mourinho dra Manchester United ned i søla? Pressekonferansen i dag var ein skam,» skriv Richard Keys, som er programleiar i Bein-sports:

Laster Twitter-innhold

TV2-kommentator Øyvind Alsaker er heller ikkje spesielt imponert over Premier League-utsagnet:

Laster Twitter-innhold

Også utanfor sportspressa i England er det lett å finne folk som både meiner Mourhinho har mista grepet og som meiner Mourinho legg seg til for hogg.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Forslag om erstattar møtt med pinleg stillheit i studio

Og sjølv om Mourinho får masse støtte for å ha applaudert publikum og offensiv haldning i første omgang mot Tottenham, er det også snakk om kven som bør erstatte 55-åringen.

I fotballmagasinet til Bein-sports er tidlegare Real Madrid-trenar Zinedine Zidane øvst på ønskelista til Richard Keys, medan ekspert Andy Gray også foreslår Belgia-trenar Roberto Martinez. Forslaget får ikkje akkurat topp respons. Sjå korleis studio reagerer på forslaget her:

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Elverum sluttspillmester

    Elverum ble sluttspillmester for åttende gang på rad i håndball for herrer etter å ha slått ØIF Arendal 31-28 søndag.

    Elverum hadde vunnet de to første kampene i årets sluttspillsfinale, og dermed var søndagens kamp avgjørende i best av fem-serien.

    Elverum-jubel i håndball
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
  • Brann vann i Bodø

    Brann slo Bodø/Glimt 2-1. Dei scora to raske mål etter rundt ein halv time, før Glimt reduserte like før pause. Andre omgang blei mållaus, og Brann sikra sin tredje siger på rad.

    Brann er dermed på femteplass, på målskilnaden bak Bodø/Glimt.

     Bodø/Glimt- Brann.
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix
  • Kvalik for Ryerson

    Julian Ryerson og hans «julesongklubb» Union Berlin må ut i kvalifisering for opprykk til Bundesliga. Union spela 2-2 mot Bochum, og hamna bak Paderborn på målskilnad. Paderborn rykkjer opp saman med Köln.

    Unions motstandar i kvaliken blir Stuttgart.

    Julian Ryerson
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal