Hopp til innhold

Møtte tilfeldigvis Skarstein i løypa: No vil «Pølsa» gå Birken på kjelke

Idretts-Noreg er lite nok til at dei fleste idrettsutøvarar veit kven kvarandre er. Det tenkte Øystein «Pølsa» Pettersen då han plutseleg møtte Birgit Skarstein i skisporet.

Sjå Øystein Pettersen stake med Skarstein her. Det går ikkje heilt etter planen.

Pettersen var ikkje framand for å slå av ein prat, og den praten førte til både kjelkeprøving, ny treningskompis og ein ny idé.

– I fjor gjekk eg Birken på slalåmski, og i år har eg lyst å prøve det på kjelke. Eg kjem ikkje til å vinne, og det kjem ikkje til å bli lett, men det er ein kjempekul utfordring, seier Pettersen entusiastisk til NRK.

Birgit Skarstein og Øystein Pettersen på langrennspigging.

LATTERMILDT: Pettersen og Skarstein.

Foto: PRIVAT

Kjelken gav meirsmak, og no har han lyst å vere den personen som kan få Skarstein til å føle seg litt mindre einsam denne vinteren.

Var søkande etter råd

Birgit Skarstein har stått utanfor langrennslandslaget denne sesongen, på grunn av sponsorbråk med Skiforbundet. Det har ikkje vore ein optimal oppkøyring for kvinna som både satsar roing og langrennspigging.

Ho har ingen trenar, og få har vore til stades for å gi ho innspel på skiteknikk, men så dukka Pettersen opp. Han er tidlegare langrennsløpar og no aktuell i Mesternes Mester.

Tre gonger har dei trena saman denne vinteren, og han har komme med tips om korleis Skarstein som roar kan tilpasse kroppen sin til å fungere best mogleg i langrennsløypa.

Det er ikkje alltid at eg treng å gå på rein skiteknikk, men kanskje nøydd å tilpasse litt til den kroppen eg har. Han er jo ein ganske habil stakar, så han har gitt meg veldig mange stake-tips, seier Skarstein til NRK.

VM i snøsport for parautøvere 2022 langrenn

EMOSJONELT: Skarstein etter fjerdeplass i VM i snøsport.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sjølv vil ikkje Pettersen ha noko av æra for Skarstein sine prestasjonar i løypa, men fortel at han tykte det var særdeles interessant å finne ut korleis ho kunne overføre sin sterke ro-muskulatur til langrenn.

– I og med at ho har vore utanfor landslaget, hadde ho ingen å sparre med. Eg følte ho var veldig søkande etter tips og råd, og då sa eg at vi kunne ta nokre økter saman, fortel Pettersen.

OL-medaljøren utdjupar:

– Det at eg fekk lov å trene med ho, set eg minst like stor pris på som ho gjorde. Dama er vanvitig inspirerande, seier han.

Likte langrennspigging

Under treningsøktene fekk han i tillegg lov til å prøve kjelken hennar, og det gav meirsmak.

Øystein Pettersen

PÅ KJELKE: Øystein Pettersen fekk prøve ein av kjelkane til Skarstein.

Foto: PRIVAT

– Eg blei overraska over kor mykje skifølelse det var i ein slik kjelke. Det var rett og slett kjempemoro, seier han.

Det er enno usikkert om Birkebeinerennet blir noko av, men om det blir det, håpar Pettersen at han kan få låne kjelken til Skarstein og sette i gong med «stuntet», som han kallar det.

– Eg har lyst å sjå korleis eg gjer det, og om eg klarar det, seier han.

Skarstein smiler breitt når NRK fortel om Pettersen sine planar.

Eg støtter initiativet hundre prosent. Og sjølvsagt skal Øystein få låne kjelken. Eg skal heie han heilt i mål, seier ho og ler.

– Korleis trur du det kjem til å bli?

At Øystein er ein uredd, leiken kar som tør å ta ein utfordring på strak arm, det veit eg jo, men at han er så tøff, at han vil gå Birken på kjelke, det er innmari artig. Han kjem til å kjenne det i heile kroppen, fortset ho.

Birkebeinerrennet er eit 54 kilometer langt renn som strekk seg frå Rena til Birkebeiner stadion i Lillehammer. Det er planlagt 19. mars i år.

VM i snøsport for parautøvere 2022 langrenn

I GODT DRIV: Birgit Skarstein i opningsløpet i VM.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Vil trene Skarstein

I eit sterkt intervju med NRK etter konkurransen torsdag, opna Skarstein seg om einsemda ho har kjent på gjennom vinteren og i oppladinga til VM.

– Eg er relativt ekstrovert og får mykje energi av å vere saman med folk. Det har kosta ganske mykje å vere å så mykje aleine, og eg har vore usikker på om det har halde heilt inn, sa ho, mellom anna.

Sjå intervjuet her:

Det beit Pettersen seg merke i.

No vil han gjerne stille opp for Skarstein på vegen mot Paralympics i Beijing.

– Eg vil i alle fall rekke ut handa og seie at viss ho treng noko hjelp, så tykkjer eg det berre er kjekt. Det siste eg vil er at ho skal gjere noko ho føler blir eit offer for, seier Pettersen.

Han meiner at ingen medalje er stor nok, om ein ikkje har det bra på vegen mot den medaljen.

– Eg seier ikkje at eg kjem til å ha ein magisk effekt på Birgit, men viss det får ho til å føle seg betre på vegen dit, så er det vel suksess, er det ikkje?

Pettersen stiller opp med glede.

– Eg skal ikkje ha ei krone for det. Birgit er ei dame eg let meg inspirere av, og dette kjem eg til å tene like mykje på personleg, som ho eventuelt gjer sportsleg, avsluttar han.

Det tykkjer Skarstein er stort. Etter VM i snøsport skal Skarstein på langrennssamling med ro-landslaget, og ho håpar Pettersen tar turen.

Det kan jo hende at nokre av dei andre gutane på ro-laget òg kunne hatt godt av litt teknikksparring, avsluttar ho.

Siste nytt

  • Villa forlenger med suksesstreneren

    Unai Emery har skrevet under en ny kontrakt med Premier League-klubben Aston Villa. Den nye avtalen til manageren strekker seg til 2027.

    Emery har ledet Birmingham-klubben med stor suksess etter at han tok over for Steven Gerrard i november 2022. I skrivende stund ligger laget på fjerdeplass i Premier League med fire kamper igjen. Dermed kan klubben sikret sin første mesterligadeltakelse på over 40 år.

    Emery sier til klubbens nettsider at han er veldig fornøyd med å forlenge avtalen sin.

    – Vi nyter tiden i Villa, og vi har en flott gruppe med spillere. Jeg og mitt trenerteam deler visjonen til eierne, og de er veldig støttende og respektfulle. Strukturen er på plass for at vi skal fortsette å utvikle klubben, sier spanjolen. (NTB)

    7ZFc-Z9Pon8
    Foto: AP
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal