Men Magnus Carlsen – som stadfestar at hendinga fann stad – småfnyser av påstandane til Nakamura. Når NRK spør om møtet mellom dei to i Moskva i 2010, kjem minna tilbake for Noregs største sjakkstjerne.
– Eg trur både han og eg var litt skuffa etter lyn-VM og så fekk eg den ideen at vi skulle spele 100 parti. Eg hugsar at han var skeptisk med ein gong, og så tenkte han etter kvart at det kunne bli gøy, seier Carlsen.
Det var i ein podkast i fjor haust at Nakamura tok opp episoden som strekkjer seg 13 år tilbake i tid. Ifølgje amerikanaren vart han invitert av Carlsen til å spele ein privat kamp etter ein turneringsdag i Moskva. Dei to skal ha møttest på eit hotellrom etter midnatt.
– Eg burde nok ikkje ha gjort det. Det har ingenting å gjere med at eg hadde vore ute og teke nokre drinkar. Grunnen til at eg ikkje burde ha gjort det og grunnen til at eg refererer til det som ein av mine største tabbar i sjakken, er at eg gav Magnus ein sjanse til å forstå speletilnærminga mi i sjakken, seier 35-åringen i podkasten til Lex Fridman.
KRITISK: Nakamura irriterer seg framleis over ei hending i 2010.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK– Stor tabbe
Rett bak Carlsen, har amerikanaren vore rekna som ein av dei beste sjakkspelarane i verda og vunne fleire titlar dei siste åra.
– Han har gjort det veldig bra på sjakkbrettet, så han har klart seg fint, svarer nordmannen då NRK spør om Nakamuras tabbe-utsegn.
– Eg tviler på at det var avgjerande, med mindre han var veldig inne i sitt eige hovud, seier 32-åringen òg.
Nakamura meiner han hadde ein god statistikk mot Carlsen før det seine møtet mellom dei to i 2010. Men etter den kvelden, skal resultata ha byrja å svinge vesentleg meir – favør nordmannen.
– Då eg spelte den kampen byrja han å kjenne stilen min fordi vi spelte alle moglege ulike opningar. Eg trur han skjønte at eg ikkje hadde så gode opningar, seier amerikanaren i podkasten.
– Psykologisk spel
Carlsen minnest at han spelte veldig godt innleiingsvis og skal etter seiande også ha vunne dei fleste av dei 40 partia dei enda opp med å spele den natta i 2010.
Nakamura seier at han den natta innsåg kor vanskeleg det var å slå verdseinaren. Han kallar partia ein tabbe, men ikkje på grunn av tapa.
STORSPELTE: Carlsen og Nakamura gjorde det godt under lynsjakk-VM i Almaty og hamna på begge på pallen.
Foto: Christian Grieg Sander / NRK– Viss eg ser på det med tanke på verdsmeisterskapsambisjonar, så trur eg at det var ein stor tabbe. Frå ein konkurranseståstad så fann Magnus ut kva svakheitene mine var på det tidspunktet og han utnytta det i mange år etter.
Ein må likevel kunne seie at Nakamura har klart seg greitt dei siste åra, trass den påståtte tabben.
Carlsen hugsar partia, men har ikkje det same inntrykket sjølv. Han innrømmer likevel at han hadde ein fordel i opningsfasen av spelet mot Nakamura på den tida.
– Det var delvis fordi han ikkje hadde så gode opningar, spesielt med svart og delvis på grunn av noko psykologisk spel. Eg trur han kanskje var meir inn i sitt eige hovud der enn nødvendig. Eg tenkte kvart fall ikkje på det på den måten.