– Ho var fantastisk mot oss, seier Sarah McFadden til NRK.
Ho spelte heile kampen då Noreg slo Nord-Irland 4-1 i den første EM-kampen deira nokon gong.
McFadden speler til vanleg i Durham på nivå to i England, og ho hadde lenge sett fram til å møte dei norske stjernene.
Det gjorde inntrykk.
– Ho er ein utruleg hyggeleg person. Ho kommenterte supporterane og sa godt jobba til oss, seier McFadden og held fram:
– Eg synest media nokre gonger framstiller ho med eit ego, men ho var fantastisk mot oss og ønskte oss lykke til vidare. Og vi gjorde det same til henne, seier McFadden.
Delte erfaringar
Dei hyggelege orda til den nord-irske kapteinen om Lyon-spissen fekk fram eit smil hos Hegerberg på Noregs trening laurdag, to dagar før kampen mot England.
– Det var veldig hyggeleg å prate med henne, òg. Fotball er knallhardt. På banen kjem eg alltid til å gi mitt beste – eg har høge ambisjonar. Samtidig er eg meg sjølv utanfor banen og. Det er same personen, seier Hegerberg.
FOKUSERT: Ada Hegerberg møtte pressa to dagar før den store kampen mot England.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK– Det er alltid moglegheiter for å ta ein prat med folk i miljøet. Vi er alle kollegaer. Det er kult å dele litt erfaringar.
Ho har eit veldig avslappa forhold til den oppfatninga McFadden hadde før kampen.
– Eg er meg sjølv. Eg kan ikkje styre kva de skriv om meg, seier Hegerberg.
Den ekstra merksemda som Hegerberg gav dei nord-irske spelarane har i alle fall vorte sette ekstra pris på.
– Måten ho behandla oss på vil vi hugse, seier McFadden.
Augnar moglegheiter mot England
Hegerberg gjekk mållaus av banen mot Nord-Irland, men hadde ein nydeleg målgivande pasning og var nær skåring fleire gonger.
Måndag ventar England, som vert ein langt tøffare oppgåve for det norske laget.
– Nivået kjem til å vere høgare i denne matchen her. Det er ting vi berre må luke bort – vi må vere veldig presise i alt vi gjer, seier Hegerberg.
England er storfavoritt til å vinne gruppa, og vertsnasjonen er også ein av dei største favorittane til å vinne heile meisterskapen. Likevel meiner Noregs spydspiss at det er moglegheiter for å ta ein skalp mot heimnasjonen.
– Vi kjem til å få sjansar i kampen, så det handlar om korleis vi tek vare på sjansane våre.
– Det er sånne kampar vi har lyst til å spele, legg ho til.
TOMMEL OPP: Ada Hegerberg trur Noreg får moglegheiter mot England.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKDen seksdobbelte meisterligavinnaren maner resten av den norske troppen til å slappe av.
– Det er så seriøst heile tida, så eg tenkjer at ein av og til må ta ein pust i bakken og tenkje: «Fader so kult, dette er vi med på». Det er berre å nyte sånne augneblinkar. Sjå deg litt rundt og ta ein pust i bakken.