Motorsport, cricket og flagg-fotball i OL 2028?
IOC har invitert ni nye idrettar til å presentere seg med tanke på å bli med i OL i Los Angeles i 2028.
Det er motorsport, cricket, karate, baseball/softball, lacrosse, breaking, kickboksing, squash og flagg-fotball, skriv insidethegames.com.
Fleire av greinene har vore med før. Breaking skal vere med også i Paris 2024, og karate var med i Tokyo i fjor.
Motorsport og cricket var derimot sist med i 1900. Kickboksing, squash og flagg-fotball har aldri vore med.
Når det gjeld motorsport, er det uvisst kva grein som blir foreslått.
Skal nye idrettar inn på OL-programmet, må dei ha like mange klasser for kvinner og menn. Og totaltalet på utøvarar i 2028-OL skal ikkje overstige 10.500.
Avgjerda blir teken på IOC-kongressen i 2023.