NRK Meny
Normal

– Det vil overraska meg om han hoppar i OL

Den austerrikske hoppsjefen, Alexander Pointner, vil halda av ein OL-plass til Thomas Morgenstern så lenge som mogleg – men Arne Scheie tvilar på om me får sjå hopparen i Sotsji.

Thomas Morgenstern falt stygt under treningsrennet i Kulm.

VIDEO: Her vert Thomas Morgenstern frakta vekk i ambulanse etter det dramatiske fallet i Kulm sist fredag.

– Det vil overraska meg om han hoppar i OL etter det fallet, seier NRKs hoppkommentator Arne Scheie, men legg til:

– Morgenstern har ei eventyrleg evne til å koma attende, seier Scheie og viser til kor raskt austerrikaren var attende etter fallet i Titisee-Neustadt i desember.

Held OL-døra open

Den austerrikske hopptrenaren Alexander Pointner, håpar likevel Thomas Morgenstern kan ha ei moglegheit til å rekkja OL i Sotsji.

– Eg vil halda OL-døra open så lenge som mogleg, har Pointner uttala i fylgje AP.

Thomas Morgenstern

OL?: Det spørs om Thomas Morgenstern får sjansen til å gjenta suksessen frå Torino-OL i 2006. Her frå gullhoppet i storbakken.

Foto: KAI PFAFFENBACH / REUTERS

27-åringen har frå før tre OL-gull, kor det eine er frå storbakken i Torino i 2006. Med sine åtte VM-gull er han ein av dei mest meritterte skihopparane gjennom tidene.

– Tilstanden er tilfredsstillande

Hopparen er no på betringa sin veg. Det kunne apparatet rundt han stadfesta på ein pressekonferanse måndag morgon.

– Me kan meddela at hjerneblødinga og den punkterte lunga har betra seg. Tilstanden hans er tilfredsstillande, og han er ute av den kritiske fasen no, seier medisinsk direktør Josef Obrist.

27-åringen falt stygt under treninga i skiflygingsbakken i Kulm fredag, og omfanget av skaden var lenge uviss.

– Rehabiliteringa går bra trass i at Thomas leid nokon alvorlege skadar. Takk Gud for at det ikkje var ein hevelse på hjernen. Eg er veldig nøgd med rehabiliteringsprosessen, la anestesilege, Wolfgang Völckl, til.

Takkar for støtta

Thomas Morgenstern er takknemleg for all støtte han har motteke. På si eige Facebook-side takkar han familien, det medisinske apparatet og alle andre som har kome med lukkeønskingar.

Humøret er i alle fall på plass, då han avslutta meldinga med at det var best å ikkje leggja ut eit bilete – enno.

Siste nytt

  • Uforandret lag for Norge

    Norge stiller med de samme fire hopperne som forrige helg i morgendagens lagkonkurranse. Det til tross for at Anders Fannemel bommet totalt i kveldens renn. De fire som skal hoppe for Norge er da Tande, Forfang, Fannemel og Johansson.

    lag
    Foto: Janek Skarzynski / AFP
  • Forfang nummer to i kvalifiseringen

    Johann Andre Forfang ble nr 2 i hoppkvalifiseringen i Ruka. Han ledet lenge med et hopp på 138,5 meter, men Stefan Kraft overgikk alle med sitt monsterhopp på 144 meter. Av de norske var det bare Anders Fannemel som ikke klarte å kvalifisere seg.

    Forfang
    Foto: Janek Skarzynski / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup hopp: Kvalifisering