Morgan Andersen blir dagleg leiar i Adapta, firmaet som driftar rallysatsinga til norgesmeister Mads Østberg.
Den tidlegare Lyn- og Fredrikstad-direktøren tek fatt på arbeidet 2. mai. Målet er å føre Østberg til topps i rally-VM.
Nett-TV:
Nett-TV:
Adapta er eit selskap som er eigd av familien Østberg. Dei samarbeidar med engelske Prodrive, som driftar og utviklar Subaru si satsing i Rally- VM.
Full tillit
Morten Østberg er styreleiar i Adapta, og er mannen som har tilsett Morgan Andersen. Ein mann som for kort tid sidan vart dømd i Tingretten for dokumentfalsk og falsk melding til politiet i samband med overgangen til fotballspelaren John Obi Mikel frå Lyn til Chelsea.
- Eg har ein filosofi der det er viktig å sjå framover. Det finnes bedriftsleiarar som har vore i same situasjon som Morgan, men som likevel klarer å sjå framover. Eg har stor tru på Morgan, både i forhold til kunnskap og integritet. Han er ein seriøs person, som eg har full tillit til, seier Morten Østberg til NRK Sport.
Til verdstoppen
Morgan Andersen er tilsett for å utvikle organisasjonen i Varnavegen i Moss. Målet er å jobbe for at Mads Østberg raskast råd når verdstoppen i rally. Andersen skal mellom anna jobbe med sponsorar og planlegge mediestrategiar.
Samstundes skal han vidareutvikle kontakten med dei internasjonale aktørane i VM- sirkuset. Den tidlegare Lyn-direktøren er audmjuk til jobben han skal ta til på.
- Dette er sannsynligvis den tøffaste jobben eg nokonsinne har hatt. Merksemda er mykje større innan fotball, ein idrett alle skjønar. Her er sluttproduktet sjåfør Mads Østberg og kartlesar Ole Kristian Unnerud. Vår jobb er å legge tilhøva til rette for dei. Det er ei ny arbeidsform, fastslår Andersen.
Vil bygge heilnorsk Subaru-lag
Eit parallelt mål er å bygge opp eit heilnorsk andrelag i Subaru-regi. Eit lag under same paraply som stjernene Petter Solberg og Chris Atkinson.
Tysdag var Morten Østberg, Morgan Andersen og Mads Østberg på vitjing hjå Prodrive i England. Trioen fekk ein garanti på at Prodrive kan levere utstyr. Målet er at Adapta har på plass eit lag med to bilar frå første januar 2009.
- No har vi tilsett Morgan, det betyr at organisasjonen kjem på plass. Vi manglar 25 millioner kroner, det jobbar vi hardt for å ordne. Vi har kunnskap om kva førarar som skal inn i teamet. Innan 1.1.2009 skal alt vere på plass, fastslår Morten Østberg.
Mads Østberg er mannen bak rattet og har blitt noregsmeister i rally dei siste to åra. Og han er entusiastisk med å ha Morgan Andersen med på laget.
Ikkje skeptisk
- Var de ikkje skeptiske til å tilsetje Morgan Andersen som dagleg leiar?
- Nei, ikkje i det heile tatt. Vi bestemte oss kort tid etter at han slutta som direktør i Fredrikstad Fotballklubb. Vi tenker sportsleg og ser kvalitetane i Morgan. Eg gler meg til å jobbe mot toppen av rally-toppen saman med Morgan Andersen, avsluttar Mads Østberg.
- Det gjev meg gåsehud å få denne moglegheita. Tillit er noko alle mennesker er avhengige av. Det varma veldig at eg fekk jobbtilbodet same dag som eg vart dømd, seier Morgan Andersen til NRK Sport.