På spørsmål om Montenegro spelte stygt med vilje, er Skogrand klinkande klar:
– Ja, det gjorde dei, seier Skogrand.
– Men dei trøkkane eg fekk, var eg førebudd på. Dei sleng armane rundt over alt, og eg fekk ein i trynet, men det tåler vi. Eg synst vi tålte meir juling enn dei.
Skogrand fekk tøff behandling gjennom heile kampen. I andre omgang kom den styggaste situasjonen. Suzana Lazovic, spelaren med hanekam og slåsskjempe-kropp, langa ut ein arm og sendte Skogrand rett i bakken.
Sjølv om Skogrand meiner det var med vilje, trur ho ikkje Lazovic prøvde å gå inn med albogen.
– Eg trur ikkje det er albuen som kjem der. Men ho sleng ut armen, og dommaren har lagt lista slik at nesten alt hardt spel er utvisning. Dei viser ut for mykje rart. Når kampen blir meir valdeleg, er vel ei utvisning på sin plass.
Overraska over Russland-exit
No ventar semifinale mot motstandar Romania for «krigaren» Skogrand.
– Veldig deilig. No er første mål nådd, seier ho.
Dersom det blir finale møter Norge enten Nederland eller Polen. Sistnemnde slo sensasjonelt ut Russland i kvartfinalen. Skogrand er overraska.
– Eg synst det er veldig merkeleg, men når Polen har slått Russland, har dei gjort mykje riktig. Eg trudde det var Russland vi skulle møte dersom vi kom til finale, men kanskje dei berre gjekk tom for krefter.
– Mørk er heilt rå
Tertnes-spelaren har gjort ein sterk mesterskapsdebut. No håpar ho på meir speletid i semifinalen.
– Eg bidrar med det eg kan, men samtidig er det hard konkurranse. Det er sjukt gode spelarar på dette laget.
– Som Nora Mørk?
– Nora er heilt rå, seier Skogrand om banens beste mot Montenegro onsdag kveld.