Finn Hågen Krogh har så langt berre uttala seg til Altaposten og har bestemt seg for å ikkje møta media enno. Etter dagens trening sneik 23-åringen seg ut bakvegen.
– Finn Hågen synest det er for tidleg å møta media, seier sprinttrenar Arild Monsen til NRK.
Ikkje sur eller bitter
Krogh vart som kjend vraka frå det mykje omtala sprint-uttaket i går. Sprintrenaren er imponert over korleis finnmarkingen har takla situasjonen.
– Alt i går kveld var han med på det sosiale i leiren. Han er fullt innstilt på å backa opp dei som skal gå, fortel Monsen.
Monsen opplever ikkje Krogh som sur og bitter.
– Men han er sjølvsagt skuffa.
Til Altaposten i går, sa ein ordknapp Krogh at det var eit sjokk å få beskjeden.
– Ja, eg vart overraska. Eg trudde eg var klar og er naturlegvis skuffa.
– Hadde eg visst eg måtte gjera det bra i Toblach, så hadde det sett annleis ut. Synd eg ikkje visste det, la han til.
Ola Vigen Hattestad vann sprintrennet i Toblach sist helg og sørgde for kaos kring OL-uttaket.
Vore eit uromoment
– Eg har ikkje så mange kommentarar, men det er klart det har vore eit uromoment, seier Eirik Brandsdal til NRK.
– Eg har prøvd å senka skuldrene og har førebudd meg på best mogleg måte, legg han til.
Heller ikkje Anders Gløersen har mykje å seia om sjølve prosessen av uttaket, men vedgår at han var spent då Monsen kom inn på rommet for å gje beskjeden.
– Eg var spent, men no skal eg visa at plassen er verdig, seier Gløersen.