75 minutt: Ut av det blå kjem Eirik Hestad gjennom på høgresida, og den 17 år gamle innbytaren Erling Braut Håland headar ballen greitt i mål.
To minutt seinare: Martin Ellingsen prøver ein lobb over KBK-keeper Ante Knezovic frå 16-meteren. På streken får Nikita Baranov så vidt hovudet på ballen, men greier ikkje anna enn å heade ballen i nettet.
Molde er brått i førarsetet. Kristiansund maktar aldri å ta tilbake den fullstendige kontrollen dei har hatt av kampen etter denne kalddusjen.
– Small litt i pausen
– Det var veldig viktig å vinne. Ole Gunnar Solskjær snudde oss i pausen. Det small litt i garderoben, seier målscorar Martin Ellingsen til NRK.
Ellingsen scora i kvartfinalen i fjor også, då for Kongsvinger. Han spelte også cupfinalen mot Rosenborg.
– Det beste var at vi ikkje let oss stresse utover i andre omgang når både den eine og den andre tok til å bli utolodige.
To minutt ut i andre omgang fekk Molde straffe, men den sette Bjørn Bergmann Sigurdsson over. Likevel makta Molde å snu det til slutt.
– Det er artig å kome tilbake i slike kampar. Vi var dårlege i første omgang, dei fortente å leie med både to og tre og fire ved pause. Og så blei det nokre litt skarpe ord i pausen, seier Solskjær til NRK.
– Noko måtte setjast på plass, og det fekk vi gjort.
– Cupfinalen er den enkeltkampen som er den største av alle. Finalesigeren i 2013 er eitt av mine beste minne, seier Molde-trenaren.
Skåret i gleda er at målscorar Erling Braut Håland må stå over semifinalen etter sitt gule kort.
KBK med tilsynelatande full kontroll
Gjestene frå Nordmøre ikkje berre leia til det stod att eit kvarter. Dei hadde tilsynelatande full kontroll på Molde som nesten ikkje skapte noko. Benjamin Stokke avslutta eit godt angrep og sende KBK i leiinga etter berre åtte minutt.
Leiarmålet kom etter berre åtte minutt. Torgil Gjertsen gjekk til dødlinja og la ballen tilbake til Benjamin Stokke som greitt sette inn 1–0.
– Vi spelar ein god kamp. Det er nesten uforståeleg at vi ikkje vinn, seier Kristiansund-trenar Christian Mikkelsen til NRK. – Etter førsteomgangen vår fortener vi nesten å gå til pause med meir enn 1-0. Vi blir pressa meir i andre omgang, men vi gjer ein fotballkamp som eg er stolt av. Derfor er det også bittert å tape.
Molde gjorde eit dobbelbyte i pausen, då Erling Braut Håland og Mathias Normann kom inn.
Minuttet etter pause fekk Molde tildelt straffe då Eirik Hestad blei felt. Men Bjørn Bergmann Sigurdarsson set ballen meteren over mål.
Molde er dermed i «hatten» når semifinalene skal trekkjast seinare i kveld.