Hopp til innhold

– Mange må håpe på «berre» 2-0-tap i Molde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde var nesten glad etter at det berre blei tap 2–0 i Molde. – Vi møtte Noregs beste lag, meiner han.

Molde-jubel

Her jublar Molde etter at Fredrik Gulbrandsen (t.v.) scora 1–0 med si fjerde scoring i eliteserien. Mohamed Elyounoussi serverte både til 1- og 2–0.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Chima Chukwu mot Opdal

Håkon Opdal stod svært godt på Aker Stadion, men klarte ikkje å hindre tap. Her går 2–0 i mål, Molde-spelar Daniel Chima Chukwu sende ballen i Bismark Acosta og i mål.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det er lettare å leve med slik tap enn heime mot Viking sist. Sist var vi like gode, i dag møter vi Noregs beste lag. Molde er veldig gode!, opna Mjelde til C More like etter kampslutt.

Start var aldri nære poeng på Aker Stadion. Ein god Håkon Opdal i bortelaget sitt mål hindra stygge siffer.

– Dei har to «slike» lag dei kan sette utpå, all ære til dei. Det har enormt av kvalitet å ta av, for det handlar om kvalitet. Opdal reddar oss frå meir enn 2–0. Det er mange som må håpe på det – å tape «berre» 2–0 i Molde, meinte Opdal.

Tok over tabelltoppen

I ein heller sjansefattig kamp var det to dødballar som blei avgjerande for eit gulljagande Molde.

Mohamed Elyounoussi serverte til goalgetter Fredrik Gulbrandsen like før pause, før ein ny Elyounoussi-dødball like etter pause enda i sjølvmål til 2–0.

Tor Ole Skullerud

Tor Ole Skullerud var svært fornøgd etter at sigeren var sikra.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Då toppscorar i eliteserien, Vidar Örn Kjartansson, fann nettmaskane to gonger for Vålerenga mot Strømsgodset, tok Molde over tabelltoppen i eliteserien.

Godset leia eitt poeng føre Molde før sjette serierunde.

– Det er heilt fint det, repliserte Molde-trenar Tor Ole Skullerud på spørsmål om det var «ålreit å vere øvst».

Straffe? Straffe? Mål!

Start yppa seg tidvis i første omgang, men Molde såg ut til å ha god kontroll – sjølv om sjansane ikkje var mange.

Fredrik Gulbrandsen var nære ved å sette inn 1–0 etter seks minutt etter å ha blitt spelt gjennom, men ballen sneik seg utanfor Start-stolpen.

Ikkje før dei siste fem minutta av omgangen kom det store moglegheiter igjen. Først var Harmeet Singh nære etter 40 minutt, før heile Aker Stadion reiste seg tre minutt seinare.

Molde skulle nemleg fort hatt straffe to gonger – rett etter kvarandre: Først blei Daniel Chima Chukwu hekta inne i 16-meteren, før Gulbrandsen blei felt nede i høgre hjørne av 16-meteren like etter.

Dommaren vinka, feilaktig, vidare etter første situasjon, før det blei «berre» frispark i situasjon nummer to.

Det etterfølgjande frisparket sikra derimot 1–0. Elyounoussi serverte lågt på første stolpe, der Gulbrandsen på frekt vis breisida ballen i mål.

– Den er unødvendig. Det spelar inga rolle om det kanskje er straffe før frisparket. Unødvendig var det uansett, sa Start-kaptein Håkon Opdal til C More i pausen.

– Det var forløysande med scoringa. Vi skapte sjansar både tidleg og seint, sa Molde-keeper Ørjan Håskjold Nyland.

Chima Chukwu og Acosta

Bismark Acosta scora eit uheldig sjølvmål mot Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Bismak for Bismark

Etter pause kom Daniel Berg Hestad inn for Molde og tok over kapteinsbandet frå Håskjold Nyland. Start gjorde ingen bytte, men var litt betre med i kampen dei første minutta.

Men så enda ballen på ny i nettet bak Opdal.

Eit frispark skrått frå om lag 25 meter blei servert av Elyounoussi. I feltet var Chima Chukwu først på, men ballen var på veg utanfor. Ein uheldig Bismark Acosta styrte derimot ballen i eige mål til 2–0.

Utover i omgangen var Molde nære 3–0 ved fleire høve, og berre ein god keeper Opdal i Start-målet hindra stygge siffer i Molde.

«Toro»: – Dette var solid

Molde-trenar Tor Ole Skullerud var ikkje fornøgd med opninga på kampen. Frå 20. minutt og ut var derimot alt sol og smil.

– Dette var solid. Fortent at vi vann, opna han til C More.

– Vi er klart best. Det er bra balltempo, godt angrepsspel og vi kunne scora fleire i dag, meinte «Toro».

Molde står med tre sigrar på heimebane. Berre tap 2–1 borte mot Odd i andre serierunde hindrar full pott etter seks serierundar.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Roma-spiller friskmeldt etter kollaps

    Evan Ndicka har fått lov til å gjenoppta fotballaktiviteten etter at han tidligere i april kollapset i Romas kamp mot Udinese.

    Ndicka ble liggende på gresset etter 71 minutter i kampen 14. april og holdt seg til brystet. Senere på kvelden opplyste Roma at forsvarsspilleren følte seg bedre og at han skulle gjennom flere tester. De har nå blitt gjennomført, og han er igjen klarert for aktivitet, opplyser klubben på sine nettsider. (NTB)

    qYj-Mb-Adu4
    Foto: AP
  • Villa forlenger med suksesstreneren

    Unai Emery har skrevet under en ny kontrakt med Premier League-klubben Aston Villa. Den nye avtalen til manageren strekker seg til 2027.

    Emery har ledet Birmingham-klubben med stor suksess etter at han tok over for Steven Gerrard i november 2022. I skrivende stund ligger laget på fjerdeplass i Premier League med fire kamper igjen. Dermed kan klubben sikret sin første mesterligadeltakelse på over 40 år.

    Emery sier til klubbens nettsider at han er veldig fornøyd med å forlenge avtalen sin.

    – Vi nyter tiden i Villa, og vi har en flott gruppe med spillere. Jeg og mitt trenerteam deler visjonen til eierne, og de er veldig støttende og respektfulle. Strukturen er på plass for at vi skal fortsette å utvikle klubben, sier spanjolen. (NTB)

    7ZFc-Z9Pon8
    Foto: AP
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal