– Eg kjenner det frå tåspissen og heilt opp i hårrota. Dette er noko vi har jobba hardt og lenge for. Det er ein følelse eg ønska alle skal få oppleve ein eller to gonger i livet, sa ein svært nøgd Molde-trenar, Erling Moe, etter at seriegullet var i boks.
Og sjølv om Moe har vore med på å ta gull med klubben tidlegare, så smakte det ekstra godt å ta heim pokalen, som hovudtrenar.
– Det gjere meg stolt og audmjuk.
Han nytta også moglegheita til å rose klubbeigar Bjørn Rune Gjelsten som var på plass i garderoben etter kampen.
– Det er desse kara som han som har bygd opp klubben og gjere at den står så sterkt i dag. Det er ingenting som gjere meg meir stolt enn å stå her i dag og kunne sei at vi er best, sa han til Gjelsten.
Han var sjølv svært stolt over det som vart prestert på bana.
– Det har vore fantastiske år. Vore med dei i 25 år og håpar vi kan bidra i nokon år til. Veldig imponert av gutane, sa Gjelsten til NRK.
Ikkje følt på presset
– Det er ein heilt utruleg følelse igjen. Kan ikkje beskrivast. Det er dette vi jobbar for kvar dag, sa ein svært glad Magnus Wolff Eikrem til NRK etter kampen.
Han har vore med på tre av Molde sine gullår.
– Alle sa før sesongen at vi kom til å vinne, og vi har berre innfridd. Det synst eg gjere det enda sterkare. Vi har hatt mykje press på oss. Eg er framleis skuffa over at vi ikkje kom oss til europaligaen, men til neste år... Vi må berre halde på dei spelarane vi har, sa 29-åringen.
Ruben Gabrielsen kunne fortelje om magiske augneblink i garderoben etter kampen.
– Det var kaos og leven. Glede og tårer. Eg prøver å kome på eit stort ord, men det var fantastisk, sa Molde-spelaren som meiner at det ikkje har vore problem at klubben har vore favoritt gjennom heile sesongen.
– Det har ikkje plaga oss eit sekund. Å ta gull betyr mykje for oss og vi har kjempa lenge for det. Andre plass bryr eg meg ikkje om, men gull det bryr eg meg om.
Mattias Moström som kunne feire sitt fjerde seriegull med klubben var også klar for å feire i kveld.
– Siste ti åra har vore heilt fantastiske. Seks gull om vi tar med cupen. Det er fantastisk for ein så liten klubb, sa svensken.
Unikt med tre over ti mål
– Det er både fortent og imponerande, seier NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp etter målfesten i rosenes by søndag.
Spesielt imponert er han over at Molde har bøtta inn mål denne sesongen. Heile tre Molde-spelarar har scora over ti mål i årets eliteserie. Dagens målscorarar Ohi Omoijuanfo og Leke James kan begge notere seg med 15 mål kvar, medan Magnus Wolff Eikrem har etter kveldens fulltreffar putta totalt ti mål.
– Det trur eg må vere svært sjeldan, utan at eg har full oversikt her og no, seier Torp til NRK.
Med Rosenborg sin noko trøblete start på denne sesongen, meiner Torp at det ikkje akkurat er overraskande at det er Molde som bryt den fire år lange sigersrekkja til trønderane.
– Det er fortent, sjølv om dei ikkje har hatt dei store utfordrarane. Eg hadde sett for meg at både Brann og Rosenborg skulle ytt meir motstand. Likevel er det ikkje noko å sei på prestasjonane til Molde som absolutt har levert, understrekar Torp.
Tidleg leiing
Moldensarane som hadde tatt meg seg gullskjerfet til stadion i dag fekk full utteljing i den tredje siste serierunden.
Heimelaget gjekk opp til 1–0 etter ei klassescoring 19 minutt ut i den første omgangen. Magnus Wolff Eikrem, som var tilbake frå skade, får ballen på 20 meter. Han spelar vegg med Hussein, som legg ballen ut til Ohi Anthony Omoijuanfo. Han sett avslutninga lågt i lengste hjørne.
Etter 34 minutt er det Eikrem sjølv som får ballen i nettmaskene, etter eit innlegg frå Eirik Hestad. Hansen i Strømsgodset strekk seg så lang som han er, men har ikkje sjanse på den ballen.
Leke James, ein annan av Molde sine målmaskiner denne sesongen, melde seg på gullfesten etter 74 minutt. Hussain får ballen på 20 meter, men skyt i tverrliggaren. Returen sett James i mål frå fem meter.
Sju minutt seinare punkterer James kampen fullstendig, då han headar inn 4–0 til heimelaget.
I siste speleminutt var han nær ved å gjere hattrick.
Med gullet sikra har moldensarane brote sigersrekkja til Rosenborg dei siste fire åra. Molde vart seriemeister sist i 2014. I tillegg vann laget frå serien i 2012 og 2011.
Klubben har vore i toppen av eliteserien gjennom heile sesong. Berre Brann og Odd har klart å ta med seg poeng heim frå rosenes by denne sesongen.