NRK Meny
Normal

Molde er Fair play-vinnar, Tromsø kan snike seg med i Europa

I tillegg til seriegullet, kan Molde no feire seg sjølv som vinnar av Fair play-prisen i Tippeligaen 2012. Det kan gi Tromsø ein sjanse i Europa.

Molde Eikrem Gatt

Her feirar Magnus Wolff Eikrem og Joshua Gatt scoring mot Vålerenga i august. I tillegg til seriegull kan dei no feire Fair-play pris, trass i at Eikrem og Gatt har ni gule kort til saman.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Éi serierunde før slutt tok Molde sitt andre seriegull på to år. Dermed skal dei på ny ut i kvalifisering for Champions League.

Måndag ettermiddag blei det klart at Molde òg har vunne Fair play-prisen 2012.

Det melder Norges Fotballforbund.

Samla vurdering

Fair play-konkurranse byggjer på UEFA sine retningslinjer.

I samband med kvar Eliteserierunde blir laga vurdert av kampdelegatane.

Dei gir poeng etter faste kriterium, som trenar sin oppførsel og ikkje minst raude og gule kort.

Tromsø til Europa?

Tromsø er i augneblinken så nær Europacup-kvalifisering som det er mogleg å kome.

Dei blei nummer fire i serien, tok cupsølv og i Fair play-konkurransen blei dei nummer to.

Dersom Noreg endar blant dei tre beste nasjonane vil det generere ein kvalifiseringsplass til Europaligaen.

Dei siste åra har Noreg ved gjentekne høve enda høgt i UEFA si Fair play-konkurranse.

Dermed kan Tromsø likevel få kampar utanfor landegrensa i 2013.

Dette trass i det forsmedelege tapet for Hødd i cupfinalen 25. november.

UEFA sin konkurranse blir klar våren 2013.

Deppa Årst

Ole Martin Årst var svært langt nede etter at cupfinalen mot Hødd var tapt. No kan Tromsø likevel få Europacup i 2013.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Siste nytt

  • 15 strake gevinster for City

    Pep Guardiolas Manchester City tok sin 15. strake seier i Premier League da de banket Swansea 4–0 i Wales onsdag kveld.

    Dermed slo de Arsenals rekord på 14 strake seirer, melder NTB.

    David Silva (2), Sergio Agüero og Kevin De Bruyne nettet for City.

    Pep Guardiola
    Foto: Geoff Caddick / AFP
  • Lukaku reddet United

    Romelu Lukaku scoret kampens eneste mål da Manchester United vant 1-0 over Bournemouth onsdag kveld.

    Scoringen kom etter 25 minutter, da Lukaku stanget ballen i garnet etter et innlegg fra Juan Mata.

    Premier League - Manchester United vs AFC Bournemouth
    Foto: Darren Staples / Reuters
  • Kusk testet positivt for kokain

    Adrian Kolgjini, en av Sveriges mest kjente travkusker, er suspendert etter at det ble funnet spor etter kokain i hans dopingprøve, melder NTB.

    – Nå vil jeg bare renvaske meg, sier han til Sulkysport.se.

    Adrian Kolgjini
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal