Hopp til innhold

Skullerud: – Vi er vanskelege å slå også på bortebane i Europa

Etter 4–1 på heimebane måtte Gorica herje med Molde heime i Slovenia. Det klarte dei aldri – og blåtrøyene er vidare på vegen mot europaligaen.

Molde fierer

Her feirar Molde 4-1-målet i sigeren i første kamp over Gorica. Agnaldo (t.v.) scora Molde sitt einaste mål i 1-1-kampen på bortebane.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette er vi veldig fornøgde med. 1–1 er eit fint resultat, og vi viser at vi er vanskelege å slå også på bortebane i Europa, seier Molde-trenar Tor Ole Skullerud til NRK etter kampen.

Tor Ole Skullerud

Tor Ole Skullerud vil veldig gjerne ta Molde til europaligaen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Han fekk sjå eit kontrollert Molde til slutt avansere med 5–2 over to kampar mot slovenske Gorica.

I Slovenia i returmøtet torsdag kveld sende Agnaldo Molde i leiinga etter 49 minutt. Gorica vakna når dei låg under 1–5 samanlagt, og etter 63 minutt utlikna Alen Jogan for heimelaget.

Det blei derimot ikkje fleire scoringar. Ein god Ørjan Håskjold Nyland stod godt – som i første møtet mot Gorica.

– Ørjan har vore god heile tida. Han er god kvar gong han står i mål. I dag var det ikkje så mykje sjansar, men vi er stort sett gode defensivt, meiner Skullerud.

Usikker på neste motstandar

Når Molde no er vidare til tredje kvalikrunde skal dei møte ukrainske Zorya Luhansk i tredje kvalifiseringsrunde. Dei veit Skullerud lite om.

– Vi veit veldig lite om motstandaren, men vi har folk i Kiev som ser dei i kveld. Vi skal vere godt førebudde når vi møter dei om éi veke, slår Molde-trenaren fast.

Laget blåtrøyene no møter får derimot ikkje spele på si eiga heimebane på grunn av bråket mellom Ukraina og Russland. Molde skal truleg spele borte mot Zorya Luhansk i Dnipropetrovsk, Odesa, Kiev eller Lviv neste veke.

– Vi veit ikkje 100 prosent, men slik eg har forstått så blir det Kiev, opplyser Skullerud.

– Korleis gjekk det med Rosenborg?

Same kvar kampen blir spelt er Molde-trenaren klar på at laget vil vidare.

ingebrigtsen

Kåre Ingebrigtsen fekk ein perfekt start som RBK-trenar. No skal han møte Molde til toppoppgjer i eliteserien til helga.

Foto: INPHO/James Crombie / NTB scanpix

– Vi veit at det er ei tøff nøtt med eit ukrainsk lag frå ein liga som held høgt nivå. Kor godt laget vi møter er veit eg ikkje enno, men vi har veldig lyst vidare, seier Skullerud.

I tillegg til Molde er Rosenborg einaste norske laget som framleis er med i Europa. Dei slo Sligo Rovers 3–1 borte og sikra 5–4 samanlagt. Til helga møtest MFK og RBK til toppoppgjer i eliteserien.

– No møter de Rosenborg, det einaste andre norske laget som er vidare i Europa, til helga. Kva tenkjer du om den kampen?

– Korleis gjekk det med Rosenborg då?

Resultatet fekk Skullerud vite.

– Okay, hm. Nei, kva eg tenkjer om kampen til helga. Det blir ein fantastisk kamp, toppoppgjer med dei to beste laga i Tippeligaen. Ramma er fantastisk, så dette gler vi oss til, slår Molde-trenaren fast.

Rosenborg har nettopp bytta trenar frå Per Joar Hansen til Kåre Ingebrigtsen. I tillegg har dei med seg ein positiv kamp i Europa i bagasjen til Molde – utan at det uroar Skullerud.

– Det er ein god inngang for dei, men vi gler oss til at dei kjem til Molde. Vi skal gi dei tøff match, avsluttar han.

Vegard Forren

Vegard Forren scora to då Molde slo Gorica 4–1 i den første av dei to kampane i andre kvalifiseringsrunde til europaligaen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Siste nytt

  • Mol og Sørum åpnet med seier i Tsjekkia

    Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum fikk en perfekt start på verdenstourturneringen i Ostrava med seier over brasilianske Pedro Solberg/Guto.

    Det norske stjerneparet vant i strake sett med settsifrene 21-18, 21-14. Senere torsdag venter andre kamp i de innledende rundene i Tsjekkia. Da står Youssef Krou/Arnaud Gauthier-Rat fra Frankrike på motsatt side. (NTB)

    Mol og Sørum
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Straus henter stjerneduo til Bayern

    De tidligere Chelsea-spillerne Pernille Harder og Magdalena Eriksson har begge sluttet seg til Alexander Straus' Bayern München-lag.

    Harder og Eriksson har spilt i Chelsea i flere år, men bytter beite til tysk fotball, opplyser Bayern på sine nettsider torsdag. Duoen er kjærester og har tidligere uttalt at de ønsker å spille i samme klubb.

    Danske Harder og svenske Eriksson har skrevet under på hver sin treårskontrakt med laget som ledes av norske Alexander Straus. Han tok nylig klubben til seriemesterskapet.

    Alexander Straus
    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP
  • Stortalentet om U21-vraking: – Overraskende

    Kristian Malt Arnstad (19) ble onsdag vraket til U21-landslagets EM-tropp. Stortalentet, som spiller i belgiske Anderlecht, legger ikke skjul på at han er skuffet.

    – Det var overraskende. Spesielt siden jeg spilte alle tre kampene under den viktige kvaliken forrige sommer og spilte bra. Pluss at jeg i tillegg har spilt 45 proffkamper denne sesongen, inkludert kvartfinale i Conference League, sier Arnstad til NRK.

    I juni i fjor vant U21-landslaget tre av tre kvalikkamper mot henholdsvis Aserbajdsjan, Finland og Kroatia og la grunnlaget for avansement. Arnstad startet alle.

    Totalt spilte han syv kamper for U21-landslaget i 2022, og var på banen i begge kampene mot Nederland og Portugal i mars. Likevel var han ikke med i EM-troppen.

    – Men livet går videre og jeg fokuserer maks på preseason med Anderlecht, sier Arnstad.

    U21-landslagssjef Leif Gunnar Smerud sier til NRK at det var «tøft» å ikke ta med 19-åringen til EM.

    – Kristian er en veldig spennende og god midtbanespiller som kom inn og var en av dem som skjøt oss til EM i fjor sommer. Da løftet vi han tidlig opp fra G19 til U21, og han gjorde en veldig god innsats, sa Smerud til NRK.

    – Denne gangen ble han veid ut av troppen og det skyldes konkurranse. Jeg skal bygge det beste laget, og da er det noen veldig gode spillere som ikke blir med, denne gangen Kristian, sier Smerud.

    Eqvt8QXkCL4
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste