NRK Meny
Normal

Molde med i medaljekampen etter Ulf-slakt

16. mai: Molde tapte 1–5 mot Haugesund og låg sist med seks poeng. 22. september: Molde grusar Sandnes Ulf 4–1 og augnar bronse. Kven hadde trudd ...

Magne Hoseth

Magne Hoseth scora 4–0 for Molde på straffe. Her jublar han etter scoringa.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Tom Nordlie

Tom Nordlie meiner det berre skulle mangle at Molde no vinn kamp etter kamp.

Foto: Ã…serud, Lise / NTB scanpix

– Det er ein fantastisk snuoperasjon, men det skulle bere mangle med stallen dei har!, meiner NRK sin fotballekspert Tom Nordlie.

Han var eitt av mange sjokka vitne som såg Molde tape kamp etter kamp tidleg i årets Eliteserie.

– Eg var langt meir sjokkert over vårsesongen enn over slik det er no. No opptrer dei etter forventningane. Mange andre hatt fått fyken etter ein slik start, men Solskjær fekk arbeidsro, har vist tolmod og har no snudd det.

Mot Sandnes Ulf blei det kalassiffer i tredje kamp på rad for Molde.

Jo Inge Berget

Jo Inge Berget stod for éi av fire Molde-scoringar i første omgang.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Fire mann, fire mål

1. september vann Molde 4–0 over Vålerenga, før det blei 3–1 borte mot fylkesrival Aalesund i førre serierunde.

Mot Sandnes Ulf kom 1–0 etter berre sju minutt. Etzaz Hussain fekk ballen på 20 meter, før han banka til. Sean McDermott var i full strekk, men rakk aldri fram.

Andremann på scoringslista blei Daniel Chima Chuwku. Etter 14 minutt fekk han stå åleine på ein corner, og sette enkelt inn 2–0.

Tredje mål for dagen stod Jo Inge Berget for. Martin Linnes svinga inn frå høgre, før Berget ekspederte til 3–0.

Så, like før pause gjekk alt frå vondt til verre for bortelaget. Molde angreip og ei perfekt pasning trefte Mattias Moström. Den kjappe svensken blei møtt av ein aggressiv McDermott. Moström i bakken, raudt kort og straffe–Magne Hoseth var sikker som banken til 4–0.

– Det er vanskeleg å seie om det var raudt kort, men det er slikt som skjer, kommenterte Molde-kaptein og keeper Ørjan Håskjold Nyland til C More i pausen.

Éin mann meir i ein heil omgang, og alt låg til rette for enorme siffer. Slik gjekk det ikkje.

Saka held fram under bildet.

Etzaz Hussain

Etzaz Hussain scora 1–0 på vakkert vis etter sju minutt. Her blir han gratulerer av lagkameratane etter scoringa.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Første mål på seniornivå – i feil nett ...

I staden reduserte bortelaget. Sandnes Ulf blei svinga ein corner inn etter 73 minutt, og på første stolpe stod innbytar Mats Møller Dæhli.

Mats Møller Dæhli

Mats Møller Dæhli var uheldig og sette ballen i eige nett til 4–1 i andre omgang.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Lett pressa, men corneren enda med Sandnes Ulf-scoring då Møller Dæhli heada 4–1 i mål med ei fin heading forbi ein sjanselaus Håskjold Nyland. det blei ungguten si første scoring på seniornivå–i feil nett.

Molde jaga scoring i opningsminutta av andre omgang, men utover i omgangen blei tempoet lågare. Til slutt ebba kampen ut i 4-1, så bortelaget vann utruleg nok andre omgang 1–0 med éin mann mindre.

– Vi vinn andre omgang, men vi startar alt for seint. Uansett var det viktig med ei god avslutning, kommenterte Sandnes Ulf-trenar Asle Andersen etter kampslutt.

Uansett: Berre eit absurd lite skår i gleda for Molde.

Tre sigrar på rad og ein faktisk medaljesjanse med seks serierundar igjen er no stoda for den doble seriemeisteren.

– Medalje betyr ingenting når vi ikkje får gull

Etter kampen har Molde 34 poeng, og klatra forbi Brann og opp til sjetteplass. Dei er no fire poeng bak Haugesund og Aalesund, medan Viking på tredjeplass er sju poeng framfor på tredjeplassen – dersom dei slår Vålerenga.

Hoseth solskjær

Magne Hoseth scora 4–0 på straffe for Molde mot Sandnes Ulf. Her saman med manager Ole Gunnar Solskjær etter 3-1-sigeren over fylkesnabo Aalesund i serierunden før.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Om Viking vinn blir bronsemedaljen veldig tøff, men om dei gir frå seg poeng har Molde moglegheita, trur NRK-ekspert Nordlie.

– Aalesund taper sin tredje kamp på rad, medan Haugesund er gåande. Molde vil kjempe med dei to og Viking om bronse. Brann er for ustabile, spesielt på bortebane, meiner Nordlie.

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær kunne derimot ikkje brydd seg mindre om bronsemedaljen. Det kom fram i intervjuet med C More like etter kampslutt.

– Gullmedaljen er uaktuell, så då er det europacupplass som betyr noko. Medalje betyr ingenting så lenge vi ikkje får gullet, slo han fast.

Europacupplass kan Molde sikre anten ved å ta tredjeplassen i Eliteserien eller ved å vinne cupen. Det mest trulege er cupgull, men då må Lillestrøm slåast i semifinalen torsdag.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal