Hopp til innhold

Mol og Sørum forsvarte EM-gullet: – Det er heilt spinnvilt

Noregs største OL-håp skal endeleg få tid til å feire alle sigrane sine.

Anders Mol

GULL IGJEN: Anders Mol (i kvitt) og makker Christian Sørum tok nytt EM-gull i Moskva

Foto: Pavel Golovkin / AP

– Det er heilt vilt. Utruleg gøy. Dette set vi høgt, seier Anders Mol til NRK.

Saman med makker Christian Sørum kjempa dei seg til finalesiger og nytt gull i Moskva. Motstandarane og heimehåpet Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov blei slått 21–12 og 21–18.

– Vi kom rett frå ei stor turnering i Wien, og greidde å mobilisere kreftene til å vinne EM på nytt. Det er berre spinnvilt, seier Mol.

– God finale

Han er nøgd med spelet dei viste i finalen.

– Det var ein god finale. Dei gjer litt meir feil enn vi, og vi er solide. Det var utruleg godt å løfte trofeet, seier Anders Mol.

Etter kontinuerleg reise og konkurransar i nesten tre månader, skal dei endeleg få lov å reise heim til to veker ferie. Det gler dei seg veldig til.

– Vi skal gjere ingenting, ikkje tenke på volleyball. Vi har ikkje fått tid til å nyte alle sigrane. Det har gått i eitt. No skal vi la det sige inn og pleie kroppane våre.

Den lange rekkja med sigrar har gjort Mol og Sørum til Noregs aller største gullhåp i OL i Tokyo neste sommar.

– Det er utruleg stort å vere OL-favorittar. Om vi held dette nivået, blir det vanskeleg å slå oss, seier Mol.

Det norske paret har trona på toppen av verdsrankingen sidan august i fjor.

Heim til brunost

Han seier at det er ei god kjensle å vere så på topp som dei to er no.

– Vi held eit nivå som ingen andre for tida, og dominerer sandvolleyballsirkuset. Vi kan tape sett, og så gjere om på spelet og vinne kampen likevel. Det gir oss mykje respekt frå motstandarane. Det er ein posisjon det er svært spesielt å vere i.

No skal dei heim for å pleie kroppen, ikkje minst knea, som får juling i kampane. Så er det to nye turneringar, før sesongen er over.

Og dei skal ikkje minst nyte norsk mat.

– Det blir nok mange skiver med brunost og bringebærsyltetøy, ja.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal