– Ein fantastisk fin scoring og godt teknisk utført. Mange ville blitt utolmodig, men han venta akkurat passe lenge. Han er ein eminent teknikar, seier NRKs fotballekspert, Lise Klaveness.
Ei dårleg klarering frå det tyrkiske forsvaret gjekk himmelhøgt opp i lufta og landa tilslutt på foten til Real Madrid-spelaren, som drog til på volley frå 25 meter. Ballen gjekk ned i det høgre hjørnet for keeper, som ikkje klarte å slenge seg fort nok.
– Modric har hatt nokre sånne før, men denne er i særklasse. Frå lang avstand med ei ballbane som er 20 meter oppi lufta. Det er godt gjort. Det er perfekt teknisk, seier Dan Eggen, i NRKs studio i pausen.
- FÅ FULL OVERSIKT OVER ALLE KAMPANE HER:
Sjansesløseri
Laga gjekk til pause på stillinga 1–0 til Kroatia, som var hakket betre enn Tyrkia i første omgang.
Ti minutt ut i den andre omgangen fekk Kroatia frispark i god posisjon, men Srnas avslutning gjekk via tverrliggaren og ut. Keeper stod heilt i ro og kunne ikkje gjera noko med skotet, uheldigvis for Kroatia vart skotet litt for høgt.
Kroatia dominerte utover i omgangen, og hadde fleire store sjansar til å doble leiinga. Ivan Perisic hadde ei heading som gjekk i treverket, og ei avslutning aleine med keeper, men den gjekk rett på målvakta.
Tyrkia skapte lite, og var aldri i nærleiken av å få med seg poeng.
– Tyrkia såg resignerte ut og skapte ingenting, seier Dan Eggen i NRK-studio etter kampen.
Blodige Corluka
Etter ein halvtime fekk Vedran Corluka ein alboge i hovudet, og begynte å blø kraftig. Etter nokre minutt på sidelinja fekk han bandasjert seg og fortsette kampen.
I pausen fekk han sydd og ny kom på bana med ein liten plasterlapp. Den heldt ikkje lenge, og etter få minutt måtte han ut og bandasjerast igjen.
I løpet av kampen skifta han bandasje heile tre gonger, men nekta å bli bytta ut.