Mjelde skreik av smerte
Chelsea sikra seg enkelt ligacupgullet då dei møtte Bristol City i finalen søndag. Med Guro Reiten og Maren Mjelde frå start gav ikkje blåtrøyene seg før det stod 6–0.
Men gullet kom med bismak. Kvarteret før slutt blei Mjelde liggande på bakken etter ei vending, og landslagskapteinen skreik høgt og lenge. Over fem minuttar seinare blei ho frakta ut på båre og fekk oksygenmaske på. BT Sport bekreftar at Mjelde blei sendt rett i ambulanse og til sjukehus.
Det er enno uvisst kva skade ho pådrog seg, men ekspertkommentator Lucy Ward fryktar det verste.
– Eg trur det var ein smell i kneet, medan kneet var strakt. Eg har ikkje lyst til å sjå den reprise, ho har det ikkje bra, sa Ward då skaden skjedde.
Fran Kirby og Sam Kerr var i hovudrollene søndag. Kerr scora hat-trick, og hadde to målgjevande pasningar, medan Kirby leverte to mål og fire målgjevande pasningar.
Reiten meldte seg òg på scoringslista. Like før timen var spelt tok Kirby nok ein gong servitørrolla og spelte fri Reiten, som hadde få problem med å score Chelsea sitt sjette mål. Kort tid etter blei både Kirby og Kerr bytta ut.
Sluttresultatet 6–0 er den største sigersmarginen nokosinne i ein ligacupfinale for kvinner.