Hopp til innhold

Mjelde skreik av smerte

Chelsea sikra seg enkelt ligacupgullet då dei møtte Bristol City i finalen søndag. Med Guro Reiten og Maren Mjelde frå start gav ikkje blåtrøyene seg før det stod 6–0.

Men gullet kom med bismak. Kvarteret før slutt blei Mjelde liggande på bakken etter ei vending, og landslagskapteinen skreik høgt og lenge. Over fem minuttar seinare blei ho frakta ut på båre og fekk oksygenmaske på. BT Sport bekreftar at Mjelde blei sendt rett i ambulanse og til sjukehus.

Det er enno uvisst kva skade ho pådrog seg, men ekspertkommentator Lucy Ward fryktar det verste.

– Eg trur det var ein smell i kneet, medan kneet var strakt. Eg har ikkje lyst til å sjå den reprise, ho har det ikkje bra, sa Ward då skaden skjedde.

Fran Kirby og Sam Kerr var i hovudrollene søndag. Kerr scora hat-trick, og hadde to målgjevande pasningar, medan Kirby leverte to mål og fire målgjevande pasningar.

Reiten meldte seg òg på scoringslista. Like før timen var spelt tok Kirby nok ein gong servitørrolla og spelte fri Reiten, som hadde få problem med å score Chelsea sitt sjette mål. Kort tid etter blei både Kirby og Kerr bytta ut.

Sluttresultatet 6–0 er den største sigersmarginen nokosinne i ein ligacupfinale for kvinner.

1MldtPmUPCg
Foto: PETER CZIBORRA / Reuters

Siste nytt

  • Ruud vil snakke ut med Rune

    Munnhoggeriet mellom Holger Rune og Casper Ruud blei igjen tema på pressemøtet framfor Wimbledon.

    Dansken raste mot Ruud etter å ha tapt mot nordmannen i kvartfinalen i Roland-Garros i mai. Rune uttalte då at Ruud hadde ropt «JAAA» opp i ansiktet på han då dei to var på veg inn i garderoben, ein påstand Ruud bestemt har avvist.

    – Det er feil, det han påstår. Det er verkeleg ikkje det som skjedde. Ei stor løgn, og det er skuffande å bli loge om, sa den norske tennisstjerna til Discovery.

    På spørsmål frå ein dansk journalist før storturneringa i England svarar Ruud at han ønskjer å rydde opp med det danske talentet.

    – Eg har ikkje sett Holger sidan kampen i Paris, så eg har ikkje hatt sjanse til å snakke med han. Han fortalde løgner til media, og eg var ganske tydeleg på at det ikkje skjedde. Eg respekterer Holger som ein ung, god og fryktlaus spelar, seier Ruud og held fram:

    – Som eg sa etter kampen, oppfører han seg litt vilt, og det har vi alle sett på TV. Eg vil ikkje seie så mykje meir, men eg håpar eg kan snakke med han her eller i Båstad, så vi kan kome oss vidare frå dette.

    Holger Rune og Casper Ruud
    Foto: Christophe Archimbault/Anne-Christine Poujoulat / AFP
  • Glimt tar seieren i slitekamp

    Bodø/Glimt måtte jobbe for poengene hjemme mot Aalesund og ble reddet av to fantastiske mål av Amahl Pellegrino og Brice Wembangomo.Etter første omgangen hadde kampen gått i sjansesløseri og stillingen var 0-0.

    I andre omgang løsnet det for Glimt. Brice Wembangomo setter kampens andre og siste mål da han driblet seg forbi tre-fire spillere og bredsidet ballen i mål.

    – Det er alltid kult å score, og på den måten her også. Jeg er veldig fornøyd, sier Wembangomo til Discovery.

    De regjerende seriemesterne har ikke fått den starten de ønsket på sesongen, med 19 poeng på sine 11 første kamper. Det holder kun til 5.-plass på tabellen.

    Eliteserien i fotball 2022: Bodø/Glimt-Aalesund
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Sandefjord med etterlengtet hjemmepoeng – seieren glapp på tampen

    Tromsø slo tilbake etter å ha kommet under to ganger og berget 2-2 borte mot Sandefjord i Eliteserien. Det var Sandefjords første poeng på hjemmebane i år.

    2-2-resultatet kom i en kamp som var svært sjansefattig før pause, men som åpnet seg fullstendig opp etter sidebytte. William Kurtovic hadde gitt Sandefjord 1-0 kort før hvilen, men ledelsen skulle ikke holde lenge.

    – Det er en kamp som går opp og ned. Tromsø er bra med ballen, og det blir en tøff annenomgang. Det er ett poeng, og det tar vi med oss, sa Kurtovic til Discovery etter kampen. (NTB)

    Eliteserien fotball 2021: Sandefjord - Tromsø (1-1)
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 43 klipp
Sport
Spiller nå
Ski-VM er endelig tilbake på NRK! 01:00
Neste