Avslutninga av gruppe B blei eit stort drama.
Tre minutt på overtid fekk Iran straffe, og Karim Ansarifard sette inn 1–1 i kampen som etter kvart blei veldig dramatisk.
– Eg har ikkje vore borti noko liknande. Dette er det friskaste eg har sett, seier Aleksander Schau i NRKs studio.
Samstundes utlikna Spania mot Marokko. Og endå meir på overtid missa Iran på ein svær sjanse til målet som kunne sendt Portugal heim.
Samstundes spela Spania uavgjort 2–2 mot Marokko, der dei også fekk utlikninga på overtid. Også etter VAR-vurdering.
Portugals trenar Fernando Santos var ikkje negativ til alle VAR-avbrota.
– Dommaren brukte VAR tre gonger. Det gav to straffer og eit gult kort. Både han og VAR gjorde jobben sin, og det må vi akseptere, sa han.
Begge dei iberiske naboane gjekk vidare.
– Vi skulle gjerne vunne, men fekk mål imot på slutten. Det viktigaste er uansett at vi gjekk vidare, sa Portugals Joao Mario.
– Selde skinnet før bjørnen var gått i hi
– VAR er korrekt igjen. Spania vaknar etter at dei selde skinnet før bjørnen var gått i hi. Marokko gjorde ein fantastisk omgang slik vi har lært dei å kjenne med masse engasjement, seier NRKs Lise Klaveness.
Schau seier dette:
– Det målet til Spania på slutten der kan bety ekstremt mykje. Spania endar opp med den enklaste vegen vidare. Den sida av sluttspeltreet der Portugal nå hamnar er der – om ein skal spå litt – Frankrike, Brasil, Tyskland og til slutt kanskje England kjem til å hamne, og då skal alle dei laga møtest på vegen til finalen.
Irans Alireza Jahanbakhsh var ein skuffa mann etter kampen.
– Vi hadde den store sjansen langt på overtid. Der skulle vi ha scora og gått vidare. Som alle kunne sjå, missa vi også fleire andre store sjansar også, sa den iranske vingen.
Ronaldos vonde kveld
Cristiano Ronaldo hadde ingen stor kamp og gjekk sur. Ni minutt før slutt retta han eit slag mot ein motstandar mot slutten av kampen, gjekk dommaren ut og studerte videoen lenge for å vurdere raudt kort.
Etter eit svært langt minutt der både publikum og Portugal heldt pusten, kunne Ronaldo smile letta: Dommaren drog berre fram det gule kortet. Ronaldo og Portugal slapp med skrekken.
– Eg var aldri redd for at han skulle få raudt, sa Portugals landslagssjef.
Også tidlegare i omgangen hadde Ronaldo kome i fokus. Sju minutt etter pause blei han lagt i bakken.
Dommaren brukte lang VAR-tid før han tildelte Portugal straffa som gav VM-rekord.
Så bomma Ronaldo.
Straffa var hard. Men Irans keeper Alizera Beiranvand gjetta rett side, var nede og blokkerte, og tok returen sjølv.
Straffe-rekord
Straffesparka i kampen var nummer 19 og 20 i årets VM. Det er rekord for eit VM-sluttspel, og det etter at berre godt og vel halvparten av kampane er spela.
Men straffa kunne også sendt Cristiano Ronaldo til topps på scoringsstatistikken saman Med Harry Kane. Det greidde han ikkje.
Ifølgje statistikkstaden Gracenote har Ronaldo bomma på 24 av sine 134 straffespark, derav 6 av sine siste 14.
Men Portugals leiarmål like før pause var vakkert.
Høgreving Ricardo Quaresma fekk ballen tilbake etter veggspel med Adrien Silva, og frå kanten av 16-meteren sende han ballen hardt i lengste hjørnet.
Irans forsvar heldt elles godt stand mot portugisisk press før pause, men Irans nokså sparsame kontringar var farlege nok.
– Vi hadde bra kontroll, men mista litt av grepet mot slutten, seier Portugal-trenar Fernando Santos.
– Det har ikkje vore nokon overkøyrsel. Portugal har hatt ballen mest, men ikkje skapt så mykje meir enn Iran, oppsummerte NRKs ekspert Egil Olsen.
Spania vann til slutt gruppa og møter Russland i åttedelsfinalen. Portugal møter Uruguay.
– Det blir ei heilt anna type kamp, seier Joao Mario.
Iran bommer på en kjempesjanse
Iran bommer på en kjempesjanse
0:13Iran får en stor sjanse på frispark
0:20For en scoring av Quaresma
0:22Ronaldo brenner straffen
0:13Iran får en sjanse
0:12Ronaldo får gult kort
0:36Iran scorer på straffe
0:19
Marokko leder over Spania etter stor tabbe
Marokko leder over Spania etter stor tabbe
1:03Spania utligner
0:19Sjanse til Marokko
0:12Marokko i ledelsen
0:12Iago Aspas utlignet på overtid
1:07