Hopp til innhold

Milliongap mellom Noreg og Sverige – NFF varslar grep

Dei svenske spelarane får over dobbelt så mykje utbetalt i EM-bonusar som dei norske. No lovar Norges Fotballforbund endringar.

Fridolina Rolfö og Ada Hegerberg

EM-KLARE: Fridolina Rolfö og Ada Hegerberg blir viktige brikker for høvesvis Sverige og Noreg.

Foto: MICHAEL ERICHSEN/MARIUS SIMENSEN / Bildbyrån

Sverige har nemleg presentert ein rekordstor avtale til denne meisterskapen, der dei blågule er blant favorittane.

Dei svenske summane for deltaking og eit eventuelt EM-gull er langt større enn dei norske.

Der Sverige gir 254.000 kroner (261.000 svenske kroner) til kvar spelar for å delta, er det norske beløpet på 81.000 kroner.

Beløpet stig gradvis utover i meisterskapen. Dersom Sverige går heile vegen og tek EM-gull, vil spelarane tene 563.000 kroner kvar – totalt 12,9 millionar kroner.

Dersom Noreg sikrar EM-gull, vil kvar spelar få 210.000 kroner – cirka 5 millionar totalt.

Norge- New Zealand (2-0) i fotball for kvinner

Ada Hegerberg og landslaget jubla over siger over New Zealand på Ullevaal nyleg. Men summen for eit eventuelt EM-gull ligg på eit heilt anna nivå enn hos Sverige.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Vil auke statusen

Årsaka til den store skilnaden ligg i fordelinga av Uefa-pengane. Der Noreg gir 25 prosent av Uefa-inntektene til spelarane, gir det svenske forbundet i praksis alt vidare til spelartroppen.

Det fortel Sveriges pressesjef Jens Anderson til NRK.

– I hovudsak går all erstatning som SvFF (Sveriges fotballforbund) får frå Uefa direkte til spelarane. Vi håpar, og kjem til å jobbe med, at bonusane blir endå høgare i kvinnelege meisterskap framover, seier Andersson.

Han meiner det er på sin plass at den svenske troppen får ein høg bonus.

– Vi har eit av dei beste landslaga i verda som har nådd langt i både OL og VM. Vi meiner det er rimeleg at laget får ein bra bonus ut frå det. Kvinnefotballen held dessverre fram med å bli undervurdert i fotballverda. Vi vil gjere vårt for å auke statusen for sporten og respekten for utøvarane, seier Andersson.

NFF president Kai-Erik Arstad.

Konstituert generalsekretær Kai-Erik Arstad.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Garanterer bonusauke

Den norske avtalen med 25 prosent i bonusordning er ein del av den historiske fireårsavtalen frå 2017. Avtalen sikra likelønn for landslaga, og herrelandslaget gav mellom anna ein del av marknadsinntektene sine til kvinnene.

Avtalen sikra kvinnene seks millionar kroner i året.

Konstituert generalsekretær Kai-Erik Arstad i NFF erkjenner likevel at dei må sjå på bonusordninga i neste avtaleperiode.

Når NRK trekk fram den store skilnaden frå Sverige, svarer han:

– Ære vere Sverige for det. Samanlikna med dei svenske landslagsjentene, er vi ikkje tilfreds med at våre får mindre. Eg går ut frå at dei finansierer dette ved meisterskapsdeltakinga til herrane. No er avtalen vår ein del av fireårsavtalen som vart forhandla fram, men det går føre seg forhandlingar mellom Niso/spelarane og NFF, og resultatet blir klart i august. Derfor vil det bli ein større del og beløp frå VM neste år, seier Arstad.

Les også Reiten ble kalt inn på teppet til sjefen: Fikk streng beskjed om å begynne å score mål

Hayes og Reiten

– Betydeleg løft

EM 2021 vart som kjent flytta til 2022, og dermed er avtalen gjeldande også denne meisterskapen.

Har det vore aktuelt å reforhandle prosentdelen før EM?

Nei, spelarane og Niso har teke omsyn til avtalen, så det har ikkje vore tema, seier Arstad.

– Eg antek Niso og spelarane ville forhandla no viss også NFF ønskte det?

Ja, føresett at jentene ville fått meir, så ville nok ikkje dei klaga på det. Men det er også årlege budsjettprosessar, og budsjettet for i år vart vedteke i fjor. Sverige har nyleg endra, og vi kjem til å endre vi, òg. Korleis Sverige finansierer sjølve deltakinga, veit eg ikkje sikkert. Kost, losji, hotell, reise og precamp i Danmark gjer at det er i alle fall seks millionar kroner i utgifter berre for å delta, seier Arstad, som påpeikar at NFF bidreg økonomisk utover midlane som blir gitt frå Uefa.

Niso-leiar Erlend Hanstveit understrekar at likelønnsavtalen sikra totalt 24 millionar kroner for landslagskvinnene over fire år. Han er aller mest oppteken av dei store skilnadane i prispengar til kvinner og menn frå Uefa og Fifa.

Ein av tinga vi jobbar med, er at 25 prosent av prispengane ikkje er tilstrekkeleg. Velviljen frå NFF er stor, men handlingsrommet når prispengane er som dei er, er ikkje så veldig stort, seier Hanstveit til NRK.

Uefa-potten til EM-et for menn i fjor var på 371 millionar euro. For EM-et for kvinner ligg prispengane totalt på 16 millionar euro, ifølgje Uefa.

EM-bonus heng på den førre avtalen, og vi kan kalle det uflaks med tanke på at det heldigvis har skjedd ei rivande utvikling. Men den store skeivskapen ligg i premiepengar frå Uefa og Fifa. Den skeivskapen er eit stort og tungt skip å snu, seier Hanstveit.

Siste nytt

  • Anders Mol og Christian Sørum med ny seier – klar for semifinale i verdenstourfinalen

    Sandvolleyballstjernene Anders Mol og Christian Sørum har vært ustoppelige hittil i verdenstourfinalen. Nå venter semifinale etter seier over Italia.

    Mol og Sørum slo Adrian Carambula/Alex Ranghieri i strake sett med sifrene 21-15, 22-20 i sanden i Qatar torsdag kveld. Med det sikret de puljeseieren og går med det rett til semifinale lørdag. I den andre puljen sikret hjemmehåpene Cherif Younousse og Ahmed Tijan semifinaleplass.

    Mol og Sørum tok tidlig kontroll mot Carambula og Ranghieri og skaffet seg umiddelbart en solid luke i første sett. De gjorde lite feil og vant til slutt 21-15. I annet sett hang italienerne mer med og satte den norske duoen under press. Det ledet på et punkt 16-13, men da våknet nordmennene og snudde til seier.

    Mol og Sørum slo tidligere torsdag det svenske vidunderparet David Åhman og Jonatan Hellvig. De har tatt sandvolleyballverden med storm de siste årene.

    Fredag er det kvartfinaler i Doha. Semifinaler, bronsekamper og finaler går lørdag. Til sammen skal det deles ut 10 millioner kroner til de ti lagene som deltar i tourfinalen i Qatar. En god del av denne summen deles ut til vinnerlaget, og det kan bli norsk.

    Til sommeren stiller den norske duoen som tittelforsvarer i OL i Paris.

    (NTB)

    EM Sandvolley München 2022
    Foto: Lise Aaserud / NTB
  • Marte Kjenner ble europamester i styrkeløft

    Styrkeløfter Marte Kjenner ble europamester i 69-kilosklassen utstyrsfritt i Estland torsdag. Det gjorde hun blant annet med europarekord i benkpress.

    Kjenner vant med en total på 543kg, fordelt på 190 kg i knebøy, 128 kg i benkpress (europarekord) og 225 kg i markløft, skriver forbundet i en pressemelding.

    – Seieren var med bare tre kilos margin. Det ble en jevn kamp om gullet, sier landslagstrener Olav Melhus Gomo til VG.

    Kjenner vant også VM i 2021. Da satte hun samtidig verdensrekord i knebøy. Hun fikk sølv i benkpress.

    (NTB)

    Marthe Kjenner vektløfter
    Foto: IPF
  • Christiansen under sekundet fra EM-medalje på 1500 meter fri

    Henrik Christiansen svømte inn til 4.-plass på langdistansen 1500 meter i kortbane-EM i svømming i Romania. Han var 82 hundredels sekund bak bronsevinneren.

    Christiansen kvalifiserte seg inn til torsdagens finale med nest raskeste tid. Men han skulle få tøffere konkurranse da det virkelig gjaldt.

    Daniel Wiffen fra Irland var i en klasse for seg, ledet løpet fra start til mål og tok gullet med en seiersmargin på 12,67 sekunder. Men bak ham ble det en intens kamp om de to øvrige medaljeplassene.

    Christiansen var oppe på medaljeplass etter en tredel av distansen, men ble skjøvet ned på 4.-plassen igjen etter halvsvømt løp. Derfra og ut ble det en tidelsstrid mellom ham, franske David Aubry og ukrainske Mykhajlo Romantsjuk.

    Til slutt kom Aubry seg inn på sølvplass fire tidels sekund foran Romantsjuk. Og like bak ham fulgte Christiansen.

    27-åringen fra Romerike har fra før fem mesterskapsmedaljer på 1500 meter, tre i EM og to i VM. I fjor ble det VM-bronse i kortbassenget i Melbourne, Australia.

    (NTB)

    Henrik Christiansen
    Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal