Millimeter-dramaet: Så nær var Johannes VM-gull på heimebane

Thingnes Bø: – Køddar du? Er eg så nær å bli verdsmeister?

Her får Johannes Thingnes Bø se hvor nærme han var et VM-gull.

SÅ NÆR: Her får Johannes Thingnes Bø sjå kor nær han var å ta VM-gull.

– Eg har ikkje ord, seier ein resignert Johannes Thingnes Bø.

– Eg trur eg er den i verdshistoria som har vore nærast å vinne gull og ende opp med fjerdeplass etter den bommen der, legg han til.

Thingnes Bø står i pressesona og må stryningen innsjå at han har tatt sin tredje fjerdeplass i VM.

Like før har NRK vist 22-åringen det avgjørande skotet, som gjorde at både gull og øvrige medaljar glapp på eitt avtrekk.

– Køddar du? Er eg så nær å bli verdsmeister på heimebane?, seier Thingnes Bø når han får sjå bommen.

– Det er så utfatteleg nært. Det er nesten ein komedie, seier han og siktar til at han igjen har kun tre mann framfor seg på resultatlista.

– Veldig synd i han

Det var verkeleg alle tiders sjanse for norsk VM-gull.

Då 22-åringen gjekk inn på skytematta var hadde han ca. eitt minutt å levere fem treff og nå passeringspunktet før Simon Eder, som leia før sisterunden.

Men allereie på første skot kom den store nedturen framfor tusenvis av nordmenn i Holmenkollen:

Thingnes Bø bomma med minst mogleg margin og fekk det sure tilleggsminuttet.

Skotet traff kanten på blinken, og på eitt avtrekk hadde han mista heile forspranget til Eder.

Johannes Thingnes Bø får en bom og mister teten

SJÅ DEN AVGJØRANDE SKYTESERIEN: Johannes Thingnes Bøs millimeterdrama i Holmenkollen.

At han traff på dei fire resterande blinkane betydde svært lite. Gullkampen var tapt med ein millimeterbom.

– Den blinken gjekk nesten opp. Eg synst veldig synd i han, seier bror Tarjei Bø.

– Burde ha olja blinkane betre

Trass nedturen klarer Tarjei Bø å spøke med brorens millimeter-bom.

– Det går ikkje an å bomme med mindre enn det. Eg vil skulde litt på arrangøren. Dei burde ha olja blinkane betre. Det var noko gamal rust som hang igjen, seier Tarjei Bø spøkefullt.

– Korleis trur du han taklar dette?

– Det er klart han er skuffa, men det er jo den beste 20-kilometeren han har gått. Han blir sett på som ein sprinter, men den siste månaden har han verkeleg blitt ein komplett skiskyttar.

– Eg trur ikkje Martin Fourcade skal føle seg for trygg i tida framover, seier Tarjei Bø.

Franske Fourcade vann 20-kilometeren og tok sitt tredje VM-gull i Holmenkollen.

Norges beste mann så langt i VM, Ole Einar Bjørndalen, blei til slutt nummer 17.

– Resultatet var frykteleg dårleg, men løpet i seg sjølv var greit. 18 treff er bra, eg er berre skuffa med den siste ståande-serien, seier Bjørndalen til NRK.

Forcade vinner sitt fjerde VM-gull

SUVEREN: Martin Fourcade går i mål til sitt tredje VM-gull i Holmenkollen.

Laster innhold, vennligst vent..

NRK anbefaler

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Skishow på sommerføre: Langløp