NRK Meny
Normal

Milliardkampen stadfesta: – Ein parodi i bokseringen

Det har gått rykte lenge, og i natt blei det stadfesta: Floyd Mayweather og Conor McGregor møtest i Las Vegas 26. august. Slikt blir det milliardar av.

Floyd Mayweather Jr.

ÅLEINE PÅ TOPP: Om Floyd Mayweather slår Conor McGregor, blir han åleine på verdstoppen med 50 proffsigrar av 50 mogelege

Foto: John Locher / AP

Floyd Mayweather la opp i 2015. Då hadde han gått 49 kampar utan tap. No siktar han på ein 50-0-statistikk

Det er er det ingen som har klart før.Med 49-0 er han likt med Rocky Marciano, som er den einaste som har trekt seg tilbake utan tap.

– Med 50 vil Mayweather vere på toppen åleine. Og han likar å kalle seg «the best ever», seier NRKs bokseekspert Anders Øfsti.

Conor McGregor har aldri boksa ein profesjonell kamp. Men han er superstjerne i UFC (Ultimate Fighting Championship), der det blir konkurrert i MMA – en miks av fleire ulike kampsportar.

– Det kjem til å gjere sjølve boksekampen til ein parodi. Det blir som å seie til ein som er god i bordtennis at «kanskje vi skal spele ein tenniskamp», seier Øfsti.

Conor McGregor

FÅR JULING: MMS-stjerne Conor McGregor blir ikkje løyvd sjanse i det heile teke mot Mayweather. Men pengar får han ut av det

Foto: Julio Cortez / AP

Derfor er Mayweather enorm favoritt blant bookmakerane. For kampen er ein boksekamp, utkjempa etter vanlege boksereglar.

– Då kjem Mayweather til å vere overlegen.

Fordi begge boksar i relativt lette klasser, skal kampen gå etter reglane for junior-mellomvekt over 12 rundar, med vekgrense på 70 kg.

– The sky is the limit

– Her er det pengane det gjeld. Kampen er omtala som «The Money Match», og før du veit ordet av det, overgår det til og med Mayweather mot Manny Pacquiao, som gav fire og ein halv milliard i inntekter. Så her er det pengar ute og går.

Interessa for stjernemøtet er truleg så stort at det kan gi kvar av boksarane 100 millionar dollar, eller godt over 800 millionar kroner etter dagens kurs. Det gjer kampen til ein av dei med størst økonomi involvert nokosinne.

– Dette er ein heilt spesiell kamp, og vi veit eigentleg ikkje kor stor interessa er. «The sky is the limit», seier Stephen Espinoza i Showtime Sports, som har tv-rettane.

– Kvifor er det så mykje pengar i denne kampen?

– Først og fremst fordi begge er superstjerner i kvar sin idrett. I tillegg har Mayweather eit image som gjer at folk betaler i håpet om å sjå han få juling. Han flasher pengane sine heile vegen og er passe ufordrageleg på den måten. Det same er det med McGregor, har er også stor i kjeften så det held, og folk betaler også for å sjå han få bank.

– Og du vil få to leirar, i og med at boksefansen vil sjå Mayweather vinne, MMA-fansen vil sjå at McGregor får vise seg fram. Dette er to menn med enorm sjølvtillit – noko du uansett må ha for å gå til topps i desse idrettane, seier Øfsti.

– Kan vi få ein returmatch i MMA?

– Det kan eg aldri tenke meg. Mayweather har ingenting å gjere der. Han ville vore like sjanselaus som McGregor er no.

Avtalen gjekk endeleg i boks seint i går kveld.

– It's official, skreiv Mayweather på Instagram.

– The match is on, tvitra McGregor nokre minutt seinare.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Tolisso-heading fikset Bayern-seier

    Corentin Tolisso ble matchvinner etter 77 minutter da Bayern München vant 2–1 borte mot Anderlecht i mesterligaen onsdag kveld.

    Robert Lewandowski ga tyskerne ledelsen før Sofiane Hanni utlignet etter 63 minutter.

    Corentin Tolisso
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP
  • PSG scoret syv mot Celtic

    Moussa Dembélé sendte Celtic i føringen etter 55 sekunder, men derfra og inn var det PSG for alle pengene.

    Kampen endte til slutt 7–1 etter mål av Neymar (2), Edinson Cavani (2), Kylian Mbappé, Marco Veratti og Dani Alves.

     Edinson Cavani (C) celebrates after scoring with teammates Paris Saint-Germain's Brazilian striker
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Atletico holder liv i drømmen

    Atlético Madrid vant 2–0 over Roma, og har med det fortsatt håp om avansement fra mesterligaens gruppe C.

    Antoine Griezmann og Kévin Gameiro gjorde målene for det spanske hovedstadslaget.

    Champions League - Atletico Madrid vs Roma
    Foto: Juan Medina / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Sør-Korea
4-4-2 Europa League: Rosenborg - Real Sociedad