NRK Meny
Normal

Mikkelsen med humoristisk stikk til Solberg: – Rallycross er for dei avdanka

Rallyføraren er trygg på at han finn seg ein ny arbeidsgivar før neste sesong. Han vil i alle fall ikkje melde overgang til rallycross med det første.

Andreas Mikkelsen
Foto: Even Management / @World

Rett etter den nest siste rallyrunden kom sjokkbeskjeden frå arbeidsgivaren til Andreas Mikkelsen.

Volkswagen kom til å trekke seg frå Rallysirkuset, og Mikkelsen stod dermed utan arbeidsgivar.

– Dei vil satse på andre motorsportar. Litt meir mot elektriske bilar. Det som er litt rart her, er at det kom litt seint i sesongen, seier Mikkelsen til NRK.

– Blir emosjonelt

Og Mikkelsen innrømmer at det blir litt spesielt å køyre den siste rallyrunden, vel vitande om at han står utan kontrakt.

– Det er litt merkeleg. Det blir det siste løpet mitt med teamet, og det er ein veldig rar stemning. Alle vil eigentleg fortsette.

Men trass det, håpar Mikkelsen at det ikkje skal påverke resultatet.

– Det er ingen problem å fokusere, det er eg ikkje redd for i det heile. Den siste servicen vil bli ganske emosjonell for alle trur eg, men reint prestasjonsmessig skal det ikkje ha noko innverknad.

Før Rally Australia, den siste og avgjerande Rallyrunden, ligg Mikkelsen på tredjeplass i samandraget. Sjølv om det er mykje som skal klaffe for at han rykker opp til sølvplass, har nordmannen trua.

– Har du gitt opp andreplassen?

– Det har eg absolutt ikkje. Det er mykje som kan skje. Eg satsar alt på sølvplassen.

Sjølvsikker

No handlar det meste om å finne ny arbeidsgivar for Andreas Mikkelsen, og han trur det skal gå veldig greitt.

– Eg er heilt sikker på at me kjem til å finne ei god løysing, og at eg sit i eit sete med gode framtidsutsikter. Eg har bevist meg ganske greitt dei siste åra.

Han seier at han ikkje kan gå inn på konkrete detaljar før kontrakten med Volkswagen er ute, men at han har god dialog med dei aktuelle bilmerka.

– Me pratar med alle fabrikantane. Utfordringa er at det er so seint i sesongen, at alle har rekna med at me har vore utilgjengelege. Difor har dei signert andre, kanskje litt dårlegare sjåførar.

Kven han blir køyrande for neste sesong er framleis usikker, men ein ting kan han med tryggleik seie.

– Eg køyrer ikkje rallycross neste sesong. Nei, det er for dei avdanka sjåførane, seier Mikkelsen og ler godt.

Petter Solberg

RALLYCROSS: Petter Solberg køyrer for tida rallycross etter enda rally-karriere.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Siste nytt

  • Kvinnekombinert inn på VM-programmet

    Kombinert for kvinner blir for første gang VM-øvelse i Oberstdorf i 2021, sammen med lagkonkurranse i hopp for kvinner. Det ble klart på FIS-kongressen i greske Costa Navarino fredag.

  • – Ronaldo tilbudt å betale 140 mill.

    Cristiano Ronaldo skal ifølge avisen El Mundo ha foreslått å betale de over 140 mill. kronene (14,7 mill. euro) han er skyldig i skatt til spanske myndigheter. Ronaldo er beskyldt for å ha unndratt skatt gjennom å bruke skatteparadiser i utlandet i årene 2011 til 2014.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Emilio Morenatti / AP
  • Junior-VM i alpint 2020 til Narvik

    Narvik skal arrangere junior-VM i alpint 2020. Det ble besluttet på FIS-kongressen i Hellas torsdag. Mesterskapet skal arrangeres 5.–15. mars 2020. I Narvik jobbes det for å få senior-VM i 2025.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
X Games: Rullebrett, street
X Games: Rullebrett, street