Messi tilbake på landslaget

Barcelona-spelar Lionel Messi er tilbake i troppen på det argentinske landslaget. Han fekk ei karantene på tre månader etter at han skulda det søramerikanske fotballforbundet for korrupsjon. Skuldingane kom etter at vart utvist i bortemøtet med Chile i Copa Amerika i juli.

FILE PHOTO: Joan Gamper Trophy - Barcelona v Arsenal
Foto: Albert Gea / Reuters

Siste nytt

  • Norsk keeper til Allsvenskan

    Den norske keeperen Mathias Dyngeland melder overgang fra Sogndal til svenske Elfsborg. Han har skrevet under på en kontrakt som strekker seg ut 2023. 24-åringen har vært Sogndals førstekeeper siden han debuterte i Eliteserien i 2014.

    Eliteserien i fotball 2017: Lillestrøm - Sogndal
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Deschamps «tar ein Lagerbäck»

    Den franske landslagssjefen Didier Deschamps (51) gjer som Lars Lagerbäck forlenga kontrakten til VM i 2022, opplyser nyheitsbyrået AFP.

    Han har leia laget sidan 2012, og førte Frankrike til VM-gull i 2018. Som spelar og kaptein leia han landet til VM-gull på heimebane i 1998.

    Den nye kontrakten vil gjere Deschamps til den som har site lengst som fransk landslagssjef nokosinne.

    deschamps
    Foto: Gabriel Bouys / AFP
  • IBU avventar Russland-tiltak

    Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU, vil vente litt med å avgjerd kva reaksjonar dei vil innføre overfor Russland etter Wadas-avgjerd om utestenging.

    – IBU granskar Wada-vedtaket i høve til skiskyting og skal foreslå prosedyrar og retningslinjer som IBU kan implementere når og om Wadas utestenging blir gjeldande, skriv IBUs kommunikasjonssjef Christian Winkler til NRK.

    – Vi ventar også at Wada kjem med nærmare retningslinjer for internasjonale særforbund når det gjeld prosessar for å diskutere om russiske utøvarar kan få konkurrere, og eventuelt under kva slags vilkår, legg Winkler til.

    IBU World Biathlon Championships
    Foto: Tt News Agency / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal