Når NRK ber han spesifisere kva øvingar Norge skal sanke medaljane i, blir han defensiv.
– Eg vil ikkje spesifisere kven som skal ta dei ut over handballjentene og lettvektsculleren til Kristoffer Brun og Are Strandli, seier han.
Desse er av mange blitt trekt fram som de to sikraste medaljehåpene til Norge, og i så måte ingen bombe å spå.
Da NRK møtte Brun og Strandli i Rio de Janeiro måndag var de smigra over rosen frå Øvrebø og andre ekspertar.
– Me håpar å leve opp til forventningane. Det er godt å få slik omtale, seier Brun.
Men trass rosen, vil dei sjølve ikkje snakke om medaljesjansane.
– So lenge me presterer det beste me har gjort, er eg fornøgd. So får me sjå kva resultatet blir.
For fire år sidan kom ikkje Kristoffer Brun og Are Strandli til OL-finalen i London, men etter det har dei teke VM-gull i 2013 og i denne sesongen har de kjempa i verdstoppen heile tida.
– Dei veit kva dei driv med, seier Øvrebø.
«Tutta» og Berge
NRK har tidlegare gått gjennom hele den norske OL-troppen saman med ekspertar og konklusjon var klar: Det blir ikkje mange norske OL-medaljar i Rio.
I tillegg til Øvrebøs medaljekandidatar trekkjast golfstjernen Suzann Pettersen og brytaren Stig André Berge fram som potensielle medaljekandidatar.
- LES SAKA: Norske medaljehåp i Rio
– Forbausande få problem
Toppidrettssjefen er uansett positiv tre dagar før den offisielle opninga.
– Det er god stemning i den norske troppen. Det er so kjekt å sjå dei komme ned hit, og tusle rundt i gangane i OL-landsbyen. Du kan sjå at dei er spente, og no er det like før.
Det har vore mykje merksemd rundt dei ulike forholda som gjer det vanskelegare for utøvarane å konkurrere i Rio, men Øvrebø seier at den norske troppen har merka lite til dei problema.
– Me har teke alle forholdsreglar, og det har vore forbausande få problem for dei norske.