– Det ser jo ikkje pent ut, seier tidlegare landslagsspelar og bandyveteran Helle Berntsen-Lillejord.
Ho reagerer på at Noregs Bandyforbund (NBF) vedtok at det norske kvinnelandslaget ikkje skal delta i eit ekstraordinært bandy-VM i Sverige.
I 2023 skal for første gong bandy-VM for damer og herrar gå samtidig føre seg, på same arena. Mennenes VM er eit vanleg meisterskap, medan VM-et for kvinner er eit ekstraordinært VM som Sverige har initiert med støtte frå Det Internasjonale Bandyforbundet (FIB).
– Eg er så glad for at vi skaper noko nytt innan internasjonal bandy, Sverige vil vere det første som arrangerer både dame- og herre-VM samtidig, sa Gisela Stockhaus, president i det svenske Bandyforbundet til Det internasjonal bandyforbundet då.
Samtidig har NBF bestemt seg for å ikkje sende det norske kvinnelandslaget dit. Til den svenske nettstaden Bandypuls sa generalsekretæren i NBF, Tomas Jonsson, at forbundet ikkje ser noko sportsleg verdi i verdsmeisterskapen.
– Slår ned på eit godt initiativ
Landslagsspelar Laura Andresen Follesø forstår ikkje grunngivinga til forbundet:
– At felles istid og meisterskapserfaring ikkje har sportsleg verdi er ganske uforståeleg.
– Det svenske bandyforbundet tek eit godt initiativ og organiserer VM for damene òg. Det er kjempebra for idretten. At vi ikkje jobbar for å leggje til rette og dermed kunne bidra til vidareutvikling av idretten, men heller slår ned på eit så godt initiativ skjønner eg ikkje, seier Follesø til NRK.
Ho håpar eit ekstraordinært årsmøte kjem på plass og at kvinnene likevel får delta i Sverige.
– Eg synest jo det er trist å ikkje sende damelandslaget til eit VM som er så nærme. Det sender rare signal, seier tidlegare landslagsspelar Helle Berntsen-Lillejord til NRK.
– Kor mykje kan det koste å sende 20 damer bort der på ein buss? Viss det er pengane det står på trur eg Bandy-Noreg vil stille opp. Det er dårleg at ikkje damene også får vere med når Sverige pungar ut for eit ekstraordinært VM, seier spelaren som avslutta den 16 år lange landslagskarrieren sin med sølv i fjor.
Meiner det ikkje er snakk om pengar
Det var like før jul at nyheita kom om at den ekstraordinære meisterskapen for kvinner skulle gjennomførast, berre knappe fire månader før spelarane skulle stå klare på isen.
Landslagskaptein Charlotte Marie Selbekk meiner den seine beskjeden kan ha ført til forbundets avgjerd om å halde dei heime.
– Eg stussa litt over at det kom så seint, samtidig som eg stussar over at vi takka nei. Det har skjedd litt ting opp igjennom årene og da stussar man litt over dette valet. Det handlar jo om likestilling, vi har jobba i mange år for at folk skal sjå oss, meiner Selbekk.
NRK har vore i kontakt med generalsekretær i Noregs bandyforbund, Tomas Jonsson. Han viser vidare til utviklingssjef Tor Audun Sørensen.
– I dei planane som vart vedtekne på årsmøtet på demokratisk vis i juni låg det ikkje inne noko VM for damer i den sesongen vi er inne i no. Det og få invitasjonen til eit ekstraordinært VM på tre månaders varsel når det er drygt ni månader sidan ein sist spelte VM, det er ikkje god planlegging, seier Sørensen til NRK.
– Er det noko vi har vore opptekne av i NBF er det å drive likestilling. Vi har vore med i VM for ni månader sidan. Vi spelte landskamp mot Sverige damer i desember. Vi arrangerte sjølv VM i 2020 og 2010.
– For å setje det heile i perspektiv har vi ikkje arrangert VM for herrar på 30 år. Realiteten taler for at dette har ingenting med diskriminering å gjere. Det er snakk om respekten for eit demokratisk vedtak som er fatta i fellesskap med klubbene, seier han.
Ønskjer eit ekstraordinært årsmøte
Utviklingssjefen meiner at det i hovudsak ikkje er pengane det er snakk om.
– Vi kan ikkje bryte tilliten til klubbane ved å gå vekk frå eit demokratisk årsmøtevedtak. Dette dreier seg om mykje meir enn ei internasjonal turnering. Det dreier seg om heilskap og langsiktig planlegging.
– Til det lenge planlagde og ordinære VM for damer i 2024 skal vi legge inn ekstra ressursar. Dette for at man etter denne sesongen skal kunne ha treningsleirar, gjennomføre gode testar, ha oppfølging av treningsprogram også vidare, det er det totale biletet, seier Sørensen.
Men NBFs avgjerd får også motstand på klubbnivå. Christian Førde, som er medlem av det norske bandystyret, har vorte bede av hovudstyret sitt i Snarøya SK om å lodde stemningen for eit ekstraordinært årsmøte for å få saka behandla der.
– Snarøya vil støtte eit forslag om å sende norsk lag til dame-VM og er også førebudd på å yte eit stort bidrag for å få det til økonomisk, skriv Førde i Facebook-gruppa Norsk Bandy.