NRK Meny
Normal

Mendes-firma under skattepress – blir granska av Europa-parlamentet

Fleire av klientane til fotballens superagent Jorge Mendes er i skattetrøbbel. Og Mendes sjølv skal forklare seg for Europa-parlamentet i september.

Jorge Mendes

HØYRING: Granskingskommisjonen i Europaparlamentet meiner Jorge Mendes er den fremste i kampen for å hjelpe stjernene til å lure inntekter unna skatt, og må inn på teppet i september

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Mendes – premiert som den mektigaste fotballagenten i verda i seks år på rad frå 2010 til 2015 – er sett under lupa etter at fleire stjerner med notid eller fortid i spansk fotball er under stadig tøffare etterforsking av spanske skattestyresmakter.

Og omfanget aukar i raskt tempo.

Saka har blitt så stor at Mendes er kalla inn til høyring i Europa-parlamentets granskingskomite 5. september. Der skal han møte saman med mellom andre FIFA-president Gianni Infantino.

Bakgrunnen er avsløringa av «Panama Papers» i fjor, der opp mot 20 millionar dokument kan knytast opp til internasjonale strukturar fotballen brukar for å unndra skatt.

– Det finst ingen plan hos oss for å hjelpe spelarar til å kome seg unna skatt. Det har aldri vore noko hemmeleg eller nokon intensjon om å skjule noko, slo Mendes' firma Gestifute knallhardt fast etter at skattejuks-skuldingane mot Cristiano Ronaldo dukka opp.

Gestifute kom også på banen nokre dagar seinare, då José Mourinho blei dratt inn i skattejuks-saka:

– Jose har aldri blitt kontakta av nokon frå spanske skattestyresmakter.

Mendes utpeika som fremste aktøren

Dette gjeld ikkje berre spelarar, men også leiarar, sponsorfirma og agentar, står det i saksdokumenta til granskingskomiteen.

I saksdokumenta er Jorge Mendes utpeika som den fremste aktøren i jobben med å hjelpe stjernene med skattesvik, og «The Mendes Method» har fått eit eige avsnitt:

The common denominator of the tax avoidance schemes mentioned was agent Jorge Mendes. The image rights of its clients traveled in most cases of the low taxation of Ireland to the null taxation of some countries of the Caribbean to finish in bank accounts in Switzerland. The constructed tax structures were repeated in players like Fabio Coentrao, Pepe, James Rodríguez or Radamel Falcao.

Saksdokument til Eiuropaparlamentets granskingskommisjon
Angel Di Maria

TILSTOD: Angel di Maria har tilstått skatteunndragingar

Foto: Francois Mori / AP

Fleire av dei største stjernene i Mendes' stall blir granska:

  • Argentinaren Angel di Maria har tilstått skatteunndragingar på 1,3 millionar euro i 2012 og 2013, då han spela i Real Madrid. Denne veka blei han dømd til 16 månaders fengsel.
  • Sjølvaste Cristiano Ronaldo er nyleg sett under etterforsking for skuldingar om at han skal ha underslått nærmare 140 millionar kroner i skatt. Det har fått han til å ønskje seg vekk frå Real Madrid – det seier iallfall rykta. Men han lovar å betale «som ein gest», ifølgje spansk tv.
  • Radamel Falcao er mistenkt for å ha unndrege 55 millionar kroner frå tida med Atlético Madrid i 2012 og 2013.
  • Fabio Coentrao er skulda for skattesvik på om lag 12 millionar kroner
  • Ricardo Carvalho blir også etterforska
  • Manchester Uniteds manager José Mourinho er skulda for skattesvik på nærmare 30 millionar kroner

99 spelarar på klientlista

Felles for alle er at dei har Jorge Mendes og hans selskap Gestifute som agent. Gestifute har ifølgje transfermarkt.com 99 spelarar og fire managerar på klientlista.

Blant dei er store namn som James Rodríguez, André Silva, Falcao, Ederson, Pepe, Ricardo Quaresma, Tiago, Hélder Postiga, Nunes og Joao Alves.

Før det skal Mendes til høyring i ein spansk domstol komande tysdag.

Mendes' selskap har ei klientliste som er verd nesten 8,5 milliardar kroner, ifølgje det amerikanske forretnings- og finansnettstaden forbes.com. Dei fleste klientane er frå Sør-Amerika, Portugal eller Spania.

Nettstaden Football Leaks tok allereie i september 2015 til å avsløre konfidensielle dokument som førte til innleiande gransking av inntekter og skatt til fleire fotballstjerner og manager José Mourinho.

Denne interessa frå skattestyremaktene skaut fart etter den omfattande offentleggjeringa av «Panama Papers» i april i fjor.

Siste nytt

  • Moyes tok sitt første poeng

    I sitt andre forsøk etter at han ble ansatt som manager, maktet David Moyes å lede West Ham til poeng. Fredag spilte laget 1-1 hjemme mot Leicester. Marc Albrighton og Cheikhou Kouyaté sto for scoringene.

    Moyes
    Foto: Ian Kington / AFP
  • Turvoll Fossli reiser hjem

    Sondre Turvoll Fossli reiser hjem fra Ruka etter å ha kommet på sjetteplass under fredagens langrennssprint, skriver NTB. Fossli endte på sjetteplass i finaleheatet, men reiser nå hjem for å forberede seg til verdenscupen på Lillehammer.

    Verdenscup ski nordiske grener
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sveits vant mot Norge

    Sveits vant bronse i curling-EM etter å ha slått Norge 6-5 i fredagens kamp. I finalen i morgen møtes Sverige og Skottland.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup kombinert, hopp
Vinterstudio
V-cup kombinert: Hopp
V-cup langrenn
Vinterstudio
V-cup langrenn: 10 km klassisk, kvinner
Vinterstudio
V-cup, langrenn
V-cup langrenn: 15 km klassisk, menn
Vinterstudio
V-cup: kombinert, langrenn