NRK Meny
Normal

Meldonium-sjokket: 99 positive dopingprøvar

Nær hundre positive dopingprøvar er avgitt etter at stoffet meldonium kom på dopinglista, melder Verdas antidopingbyrå (WADA) til AFP.

Drugs

MELDONIUM: Dette er hjartemedisinen som no er ulovleg å bruke for idrettsutøvarar.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

– Størrelsen på dette slår oss hardt i ansiktet. Vi har hatt periodar med mange dopingavsløringar i historia, men aldri eit så høgt tal som dette, seier dopingjeger Inggard Lereim.

Avsløringa av tennisstjerna Maria Sjarapova, friidrettsstjerna Abeba Aregawi og VM-vinnar på skøyter Pavel Kulizjnikov er bare toppen av doping-isfjellet.

No opplyser Verdas antidopingbyrå (WADA) at idretten truleg kan vente seg ei flodbølge av nye dopingsaker innan kort tid.

WADA melder at totalt 99 positive prøvar er avlagt for stoffet meldonium etter nyttår. Det skriv talsmann for byrået, Ben Nichols, i ein epost til AFP.

– Det er skremmande at det er så mange positive prøvar over ein så kort periode, seier Anders Solheim, som er leiar i Antidoping Norge.

– Minner om regimestyrt doping under Sovjet-tida

Hjartemedisinen frå Latvia står på WADAs forbodsliste sidan stoffet betrar blodsirkulasjonen, noko som påverkar prestasjon og restitusjonstid. Det har gjort medisinen attraktiv hos idrettsutøvarar.

Maria Sjarapova

DOPINGTATT: Russiske Maria Sjarapova.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Sjølv om medisinen er ukjend i Norge har den vore på marknaden som hjartemedisin i fleire tiår i Aust-Europa.

Det er også i hovudsak aust-europeiske idrettsutøvarar som til no er tatt for bruk av stoffet, noko som ikkje overraskar Lereim.

– Vi er nesten på veg tilbake til tida før Berlinmurens fall der det var systematisk og regimestyrt doping i mange nasjonar, som det tidlegare DDR og Sovjetunionen, seier han.

– For meg som har vore med på dette så lenge er det på ingen måte ei overrasking at avsløringane har sine store tal i den delen av idrettsverda, legg Lereim til.

Trur talet kan bli endå høgare

Ifølge ei studie frå 2015 som blir omtala i den nye dopingdokumentaren om Russland

Lege Inggard Lereim

RYSTA: Tidlegare dopingsjeger Inggard Lereim (tv).

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

blei det funne spor av meldonium hos 724 av 4316 russiske utøvarar, noko som tilsvarar oppsiktsvekkande 17 prosent.

Lereim trur talet kan bli endå høgare enn 99.

– Det kan jo komme fleire positive prøvar. Eg er også kjend med at det nyleg blei destruert 1417 dopingprøvar i Russland. Kva dei inneheldt veit vi jo ikkje, seier Lereim, som no er medisinsk sjef i FIS, men fortsatt er involvert i antidopingarbeidet.

Siste nytt

  • Mikkelsen åpnet med fjerdeplass

    Andreas Mikkelsen innledet VM-runden i rally i Argentina med fjerdeplass på den korte åpningsprøven torsdag.

    Mikkelsen var kun slått med et halvsekund av vinneren, belgiske Thierry Neuville.

    Fredag fortsetter rallyet med sju nye fartsprøver.

    Andreas Mikkelsen
    Foto: @World Media Agency / @World Media Agency
  • Overtar som tysk landslagssjef

    Martina Voss-Tecklenburg blir ny landslagssjef for Tysklands kvinnelandslag i fotball. 50-åringen har fått kontrakt til 2021. Voss-Tecklenburg har hatt stor suksess med det sveitsiske landslaget og er i ferd med å føre det til VM-sluttspill. Den jobben skal hun fullføre før hun i høst overtar Tyskland.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag